Rusproblematikk og vitskapsteori, metode og etikk

Arbeider du med rusproblematikk i privat eller offentleg sektor? Med denne tverrfaglege vidareutdanninga får du auka kompetanse og moglegheit til å utvikle eit viktig og interessant fagfelt.

Perspektiv på helsefremming, førebygging og behandling innan rusproblematikk 

Emnet RUS6202 vektlegg utfordringar knytta til kompleksiteten innanfor rusfeltet og gir tverrfagleg kunnskap om modellar for helsefremming, omsorg, førebygging og behandling. Sentrale tema er relasjonsbygging og kommunikasjon, i tillegg til samfunnsetikk, lovar og reglar på rusfeltet. Brukarmedverknad vil bli vektlagt, ikkje minst kunnskap og innsikt i situasjonen til pårørande. 

Vitskapsteori, metode og etikk 

Emnet VIT6202 omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt og forsking innan psykisk helse- og rusarbeid spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt blir planlagt, gjennomført og formidla i vitskaplege publikasjonar blir særleg vektlagt.

Undervisningsmåtar

Målgruppe

Personar i privat og offentleg sektor som arbeider med rusproblematikk. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Arbeidskrav

Ja. Blir spesifisert i semesterplan ved studiestart.

Eksamen

RUS6202: Heimeeksamen, 3 dagar

VIT6202: Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, 4 timar.

Praksis

Tverrfaglege rettleiingsgrupper gjennom heile studiet.

Organisering

Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus.

Planlagde vekesamlingar våren 2019 er veke 3, 11 og 19.