Språk- og talevanskar, lese, skrive- og matematikkvanskar

Emnet gir innsikt i språk- og talevanskar, lese- og skrive- og matematikkvanskar. Det skal ivareta følgjande perspektiv: symptom, årsak, kartlegging, førebygging og spesialpedagogiske tiltak. Studenten vil få innsikt i korleis barnehage og skule kan arbeide for å førebygge og avhjelpe vanskar på individ- og systemnivå.

Spesialpedagogikk emne B

Målet for studiet er at studenten gjennom fagleg fordjuping skal tileigne seg innsikt i teoretiske og praktiske problemstillingar i tilknyting til språk- og talevanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar. Studiet skal gi studenten spesialpedagogisk kompetanse som er relevant i arbeid med tilpassa opplæring og tidleg innsats i ein inkluderande barnehage og skule.

Organisering og arbeidsmåte

Forelesningar, gruppearbeid, drøftingar/refleksjonsøkter. Studiekrav 80 % obligatorisk frammøte og obligatoriske studieoppgåver som vert presisert i semesterplanen.

Samlingar våren 2022

For neste kull, planlegg vi desse samlingane: 

  • 11. og 12. januar 2022
  • 8. og 9. februar 2022
  • 8. og 9. mars 2022
  • 5. og 6. april 2022
  • Seminardag: 4. mai 2022
  • Munnleg eksamen: 24. og 25. mai 2022

Med forbehald om endringar.