Suppleringsopptak til tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Organisering av tenestene for menneske med psykiske lidingar (PSYK6202)

Emnet er på 7,5 studiepoeng, og vektlegg kunnskap om korleis det offentlege, private og frivillige hjelpeapparatet møter menneske med psykiske lidingar, og korleis psykiatrihelsetenestene kan bli organiserte i framtida. Eit sentralt fokusområde er tverrfagleg samarbeid for å fremje helse og betringsprosessar hjå psykisk lidande. Merksemda blir retta vidare mot bakgrunnen for og konsekvensane av desentraliseringa av tenestene, med vektlegging av brukaren sin medverknad og meistring.

Vitskapsteori, metode og etikk (VIT6202)

Emnet  er på 7,5 studiepoeng, og omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt og forsking innan Psykisk helse- og rusarbeid og psykososialt arbeid med barn og unge spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt blir planlagd, gjennomført og formidla i vitskaplege publikasjonar, er særskilt vektlagt.

Undervisningsmåtar

Målgruppe:

Personar i privat og offentlig sektor som arbeider med psykisk helsearbeid.

Arbeids- og undervisningsformar:

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ei omfattande eigeninnsats mellom samlingane. 

Organisering:

I hovudsak tre vekessamlingar kvart semester.

Planlagde vekesamlingar våren 2019 er veke 3, 11 og 19.

Arbeidskrav:

Ja. Spesifiseres i semesterplan ved studiestart.

Eksamen:

PSYK6202: Heimeeksamen, 3 dagar
VIT6202: Individuell skriftlig eksamen under tilsyn, 4 timer