Suppleringsopptak til tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering

Arbeidar du innanfor ein sektor som har brukarar/pasientar med funksjonsnedsetjing og som har eit potensielt rehabiliteringsbehov? Med vidareutdanning i rehabilitering får du auka kompetansen din, og du får høve til å utvikle eit betre rehabiliteringstilbod der du er!

Rehabilitering 2

EVH-REHAB216 byggjer på emne 1 eller tilsvarande, men skal i større grad bidra til dybdekunnskap og utvida forståing for rehabilitering. Dette inkluderer både å ta initiativ til, organisera og iverksetja rehabilitering i samarbeid med brukarar, pårørande og ulike yrkesgrupper. Emnet byggjer på sentrale element og omgrep i rehabilitering.

Målgruppe:

Helsepersonell og eventuelt andre som har ansvar og oppgåver med rehabilitering til brukarar i eigen heim eller institusjonar.

Undervisningsmåtar

Arbeids- og undervisningsformer:

Førelesingar, sjølvstudier, rettleiing, skriftlig og praktisk individuelt oppgåvearbeid .

Arbeidskrav:

Obligatoriske arbeidskrav som vert spesifisert i semesterplan ved studiestart.

Organisering:

Det vert lagt opp til samlingsbasert undervisning på campus Haugesund, men førelesingane vert i tillegg overført digitalt slik at dei som ikkje har høve til å møta kan følgja undervisninga direkte på eigen PC eller sjå på opptak i ettertid. Studiet er derfor tilrettelagt for studentar utanom nærområda og for studentar som av ulike grunnar ikkje kan møta opp til undervisning på campus. Det vil difor vera naudsynt med eige datautstyr og kjennskap til bruk av dette, inkludert høgskulens elektroniske læringsplattform og kommunikasjonsverktøy. Høgskulen vil eventuelt gi naudsynt opplæring i dette.

Det må påreknas til dels omfattande arbeidsinnsats med ulike arbeidskrav.

Våren 2019 er samlingane onsdag til fredag i veke 4, 10 og 15.

Eksamen:

 Fordjupningsoppgåve over fleire veker for EVH-REHAB216.