Teknologi og programmering

Emnet Teknologi og programmering skal gi kunnskap og innsikt i ulike digitale teknologiar og korleis ein kan ta programmering i bruk i læringsarbeid.

Søknadsweb for HVL

 

Emnet tek opp problemløysing og algoritmisk tenking og skal gi kunnskap og innsikt i ulike digitale teknologiar, og korleis ein kan ta programmering i bruk i læringsarbeid. Emnet skal vere praktisk retta, og legg mellom anna vekt på utprøving i studenten sin eigen undervisningspraksis.

Følgjande vil bli vektlagt:

  • Problemløysing
  • Algoritmisk tenking
  • Koding
  • Styring
  • Forståing av digital teknologi
  • Utprøving i eigen praksis

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten - har brei kunnskap om ulike programmeringsspråk og om oppbygging av dataprogram - har kunnskap om grunnleggjande struktureringsprinsipp - kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid relatert til teknologi og programmering - har generell kunnskap om digital teknologi og samanhengen mellom programvare og maskinvare - har kunnskap om og kan oppdatera sin kunnskap om praktisk bruk av programmering i klasserommet.

Ferdigheiter

Studenten - kan laga enkle dataprogram - kan analysera og reflektera over bruk av teknologi og programmering - kan reflektera over eigen fagleg praksis og justera denne under rettleiing - kan bruka fagleg kunnskap, teori og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid knytt til teknologi og programmering, på ein fagleg integrert måte i undervisning. 

Generell kompetanse

Studenten - kan formidla sentralt fagstoff, teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og utveksla synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god bruk av teknologi og programmering i klasserommet - har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar - kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer

Organisering og arbeidsmåtar

Emnet går over eitt semester, er samlingsbasert (3 samlingar á 2 dagar) og nettstøtta. Opplegget inneheld førelesingar, rettleiing, nettdiskusjonar i sanntid (etter kl.13:00, dagar for dette er ikkje klart), nettbaserte ressursar og arbeid med mappeelement. Faglærarar og studentar samarbeider via læringsplattform. Arbeidskrav vil inngå i arbeidet med emnet. Studenten må ha webkamera og mikrofon tilknytta datamaskinen. Det er nødvendig å ha tilgang til å gjera eit utviklingsarbeid/praksis i eigna kontekst, t.d. eigen arbeidsplass.

Samlingsplan

  • 18.-19. september
  • 13.-14. desember

Studiekrav

Frammøte på samlingar og førebuing til samlingar.

Vurdering

Vurderinga i emnet er sett saman av 2 delar med lik (50%) vekting:
Mappe (individuell): Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast og blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vera fullført til fastsett frist. Mappevurderinga er bygd opp som ei samla mappevurdering.
Prosjekt (gruppe): Vurderingsform der studentar arbeider med oppgåve eller problemstilling og leverer tekst, visuelle framstillingar, produkt, dataprogram eller andre element. Prosjektet har fastsett tidspunkt for utlevering av oppgåve og frist for innlevering. Prosjektet skal gjennomførast i gruppe og leggjast fram munnleg. 
Alle hjelpemidlar tillatt.

Opptakskrav

Fullført og bestått tre-årig lærerutdanning eller tilsvarende utdanning.

Korte fakta

  • Målgruppe:
    • Lærarstudentar, lærarar og barnehagelærarar med interesse for teknologi
    • Lærar i alle fag som ønskjer integrera teknologi i sin praksis.
    • Lærarar i valfag, t.d. Teknologi i praksis (u.sk.), Programmering (u.sk.), Teknologi og forskningslære (vgs.) og Programmering og modellering (vgs.)
  • Forkunnskapskrav: Emnet krev ikkje kunnskap om programmering.
  • Studiestad: Stord 
  • Søknadsfrist opptak for hausten 2017 er avslutta
  • Varighet: 1 semester.
  • Studiepoeng: 15
  • Semesteravgift: 780,- pr. semester. Kursavgift: Ingen
  • Sjå emneplan for dette emnet (Emnekode EVL-TEKPRO)