Rettleiingspedagogikk

I dette studiet får du kunnskap og erfaring i rettleiing, fortrinnsvis knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane.

Utdanninga er tverrfagleg med teoretisk og praktisk innføring i rettleiingsteori, prinsipp og metodar. Rettleiingskompetansen er tilrådd ved studentrettleiing. Det er òg viktig å kunne gje tilbod om rettleiing når ein skal rekruttere nye arbeidstakarar.

Studiet gjev innsikt i rettleiingspedagogikk, studentaktive læringsformer og rettleiing innan eige fagområde og på tvers av profesjonar.

Studiet inneheld to emne, eitt innføringsemne på 10 studiepoeng og eit påbyggingsemne på 5 studiepoeng. 

Undervisningsmåtar

Førelesingar, øvingar, gruppearbeid og sjølvstudium.

Kva blir du kvalifisert for?

Studiet er kvalifiserande for yrkesutøvarar som definerer rettleiing som ein del av yrkesfunksjonen sin. Dette inneber og rettleiing av studentar i praksisstudiar.

Gjennomført emne fyller delar av kravet for å bli godkjent som fagleg rettleiar hos nokre yrkesorganisasjonar. Emnet kan og gå inn i ein mastergrad.

Timeplan

  • I innføringsemnet (FHS8201) er det obligatorisk frammøte i 7 dagar à 6 timar.
  • I påbyggingsemnet (FHS8202) er det obligatorisk frammøte i 3 dagar à 6 timar.

Det vert òg lagt opp til arbeid i nettverks-/kollokviegrupper mellom samlingane.

Bergen:

Se Canvas og bekreftelse på opptak vedr. tidspunkt for undervising, ved spørsmål kontakt Elin Vestbøstad.

FHS8201 Rettleiingspedagogikk, 10 stp.:
Samling 1: Tir 25.08.20
Samling 2: Tir 01.09.20
Samling 3: Tir 08.09.20
Samling 4: Tir 22.09.20
Samling 5: Tir 29.09.20
Samling 6: Tir 13.10.20
Samling 7: Tir 20.10.20