Vurdering for læring i yrkesfag 2 og klasseleiing

Dette er ei vidareutdanning for deg som er yrkesfaglærar i Hordaland. Tilbodet er eit samarbeid mellom HVL og Hordaland fylkeskommune.

Studiet gir deg auka forståing og innsikt i rolla di som klasseleiar i verkstad og klasserom. Du lærer også korleis du kan leie lærings‐ og vurderingsaktivitetar som fremjar elevane si læring og eit godt læringsmiljø.

Studiet byggjer på Vurdering for læring i yrkesfag 1.

Gjennom studiet får du

  • fordjupe deg i ulike perspektiv på klasse- og læringsleiing
  • innsikt i og erfaringar med lærings‐ og vurderingsdialogar i elevgrupper, og korleis leggje til rette for dette i undervisninga
  • auka kunnskap om samanhengar mellom vurderingsdialogar, relasjonar og kommunikasjon
  • kunnskap om korleis bidra til å vidareutvikle vurderingskultur på eigen arbeidsplass
  • prøve ut og drøfte erfaringar med ulike former for elevmedverknad i vurderingsarbeidet

Studiet er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing Yrkesfaglærarløftet. Du kan søke om stipend eller vikarordning.

Dersom du er fagleg instruktør, leiar i lærebedrift eller medlem i prøvenemnd kan du ta studiet utan å få studiepoeng. Du snakkar då med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen i fylket ditt, og skal ikkje søke via Utdanningsdirektoratet.  

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Vi tar utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, og legg opp til høg deltakartaktivitet.

Mellom samlingane deltar du i ei nettverksgruppe med kollegaer frå eigen skule, der mellom anna observasjon blir brukt som utgangspunkt for refleksjon og drøfting av praksis. 

Vi vektlegg bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet.

Samlingar våren 2020

Det blir samlingar måndagar og tysdagar i veke 3, 7 og 12.

Munnleg eksamen i veke 14–15. Denne blir gjennomført i gruppe på eigen skule. Tidspunkt blir fastsett i samråd med skuleleiinga.