Vurdering for læring i yrkesfag 1

Dette er ei vidareutdanning for deg som er yrkesfaglærar i Hordaland. Tilbodet er eit samarbeid mellom HVL og Hordaland fylkeskommune.

Du vidareutviklar og fornyar praksisen din knytt til vurdering og vurdering for læring.

Gjennom studiet får du

  • fordjupe deg i vurdering for læring og ulike perspektiv på vurderingsarbeid som kan støtte elevane si læring i yrkesfag
  • auka kunnskap om samanhengar mellom vurdering, læring og motivasjon
  • prøve ut og drøfte erfaringar med ulike aspekt ved vurdering for læring i eigen undervisningspraksis
  • vidareutvikle eigen vurderingskompetanse og bidra til at skulen vidareutviklar sin vurderingspraksis

Studiet er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing Yrkesfaglærarløftet. Du kan søke om stipend eller vikarordning.

Dersom du er fagleg instruktør, leiar i lærebedrift eller medlem i prøvenemnd kan du ta studiet utan å få studiepoeng. Du snakkar då med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen i fylket ditt, og skal ikkje søke via Utdanningsdirektoratet. 

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Vi tar utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane deltar du i ei nettverksgruppe med kollegaer frå eigen skule, der de drøftar utprøvingar av metodar og verktøy knytt til vurdering for læring i eiga undervisning.

Vi vektlegg bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet.

Samlingar 2019

Det blir samlingar måndagar og tysdagar i veke 36, 42 og 45.  

Munnleg eksamen i veke 49. Denne blir gjennomført i gruppe på eigen skule. Tidspunkt blir fastsett i samråd med skuleleiinga.