Yrkesfagleg kompetanse i breidde og djupne

Dette er ei vidareutdanning for deg som er yrkesfaglærar i Sogn og Fjordane. Tilbodet er eit samarbeid mellom HVL og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kvifor er djupnekompetanse i eige fag og breiddekompetanse innanfor utdanningsprogrammet viktig når du underviser på yrkesfag? Og korleis kan du bruke breidde- og djupnekompetanse for å sikre elevane tilpassa og relevant opplæring frå dag éin i vidaregåande skule? Dette er sentrale spørsmål i denne vidareutdanninga.

Gjennom studiet får du

  • bli kjent med andre yrke innan eige utdanningsprogram gjennom to veker hospitering i bedrift
  • fordjupe deg innan eige yrke gjennom ei veke hospitering i bedrift
  • styrka kompetanse innan eige utdanningsprogram som grunnlag for relevant og tilpassa didaktisk arbeid
  • bidra til å heve den samla kompetansen i lærarteamet du er ein del av
  • høve til å knytte nye kontaktar med næringslivet

Studiet er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing Yrkesfaglærarløftet. Du kan søke om stipend eller vikarordning.

Dersom du er fagleg instruktør, leiar i lærebedrift eller medlem i prøvenemnd kan du ta studiet utan å få studiepoeng. Du snakkar då med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen i fylket ditt, og skal ikkje søke via Utdanningsdirektoratet.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, refleksjonsgrupper, erfaringsutveksling og diskusjonar. Vi tar utgangspunkt i deltakarane sine fagutdanningar, yrkeserfaring og undervisningspraksis.

Studiet er samlingsbasert, med 3 veker hospitering i arbeidsliv. Studiestad i Sogn og Fjordane blir avtalt i samarbeid med skuleeigar og studentar. 

Samlingar 2019/2020

  • Tre lokale samlingar onsdagar og torsdagar i veke 35, 47 og 4.
  • Ei nettsamling i veke 12
  • Lokal eksamen i veke 14 (open gruppeeksamen med fokus på erfaringsdeling).