Dette er ung lærar

Ung lærar: Gode opplevingar set spor Vår visjon: Alle bør få sjansen til å bli det dei har lyst til, men ein treng kunnskap og erfaringar for å gjera det aller beste karrierevalet for seg sjølv

To dagar fulle av gode opplevingar for alle

I Ung lærar får ungdomsskuleelevane ein dag med lærarutdanning og ein dag med yrkeserfaring ute på ein barneskule. Dei får oppleva skulens spennande mangfald av menneske, fag og aktivitetar, kjenna på meistring gjennom skreddarsydde øvingar og møta pedagogiske og sosiale utfordringar knytt til skulekvardagen. 

I møtet med barneskuleelevar, får deltakarane øva seg på å knyta relasjonar, byggja tillit, visa omsorg, sjå den einskilde og oppleva korleis det pedagogiske arbeidet får direkte innverknad på eit anna menneske. 

Kort fortalt består Ung lærar ein dag med lærarutdanning ein dag med yrkesutøving. Ungdomsskuleelevane får faktisk vera lærarar på ordentleg når dei skal førebu og gjennomføra ein draumetime for ein barneskuleklasse. For å få maksimalt utbytte av dei to dagane er det og lagt opp til førebuingar på eigen skule i forkant.

Ung lærar går føre seg i trygge rammer, med pedagogiske ressursar til stades frå eigen skule og frå lærarutdanningsinstitusjonen. Gjennom heile ung lærar vert ungdomsskuleelevane støtta og rettleia av godt førebudde lærarstudentar.

Fleire ringverknader

Forutan å kunne inspirera fleire til å bli lærar, gjev ung lærar positive effektar på ein rekkje  andre område: 

  • I Ung lærar får alle ungdomsskuleelevane, uansett føresetnad sjansen til å ta ansvar og vera eit forbilete for yngre elevar.
  • Betre forståing av korleis læraren tenkjer vil styrka den eksisterande lærar-elev-relasjonen og kan slå positivt ut på skulekvardagen allereie no.
  • Større innsikt i kva skulen gjer for elevane kan leggja til rette for fleire positive opplevingar i den perioden dei har att på grunnskulen.
  • Ung lærar set fokus på den viktige jobben lærarane gjør i samfunnet vårt. I praksis er opplegget ein stor anerkjenning til læraryrket og er eit klapp på skuldra til lærarane
     

Klikk her for å sjå opplegget dag for dag.


Målet med «Ung lærar» er å auka rekrutteringa til lærarutdanningane gjennom å gjera ungdommane meir medvitne om læraryrket og dermed i stand til å ta eit meir kvalifisert utdanningsval når tida kjem. Foruten målet om fleire lærarar, kan ein få fleire motiverte studentar og redusera fråfallet både frå lærarutdanninga og dei første åra i yrket.

«Ung lærar» vil kunne inspirera dei som allereie vurderer læraryrket, dei som oppdagar at dei har pedagogisk talent og interesse og kan òg ha ein viktig funksjon som dei som innser at de ikkje vil bli lærarar.

Todagarsopplegget «Ung lærar» er utvikla i eit  samarbeid mellom store deler av utdanningsverdikjeda og er retta mot ungdom på 10. trinn. I trygge pedagogiske rammer i faget utdanningsval, får dei ein unik innsikt i lærarrolla, komma på innsida av skulen sin og ikkje minst laga ein draumetime for ein barneskuleklasse.

«Ung lærar» treff ungdomsskuleelevar med heilt ulike føresetnader på ein god og inkluderande måte. Den set òg eit spesielt fokus på lærarrollen som gjer at òg dei kan sjå på seg sjølv på ein annan måte, spesielt lærarane til ungdommane som er deltakarar i opplegget.

Me trur ein bieffekt av «Ung lærar» er at det kan gje eit betre klima i mange klasserom, av di elevane betre forstår kva som ligg bak kvar time og adferden til læraren sin. Samstundes kan det knyta dei unge generasjonane tettare saman i lokalsamfunnet.

«Ung lærar» vil ha størst effekt der det nyttast i samarbeid med ein lærarutdanningsinstitusjon, men vil òg ha skreddarsydde opplegg for sjølvstendig ungdomsskular utan den moglegheiten. Det vert tilrettelagt  ressursar og materiale, som gjer det enkelt for ein lærar å komma i gang.

For lærarutdanningsinstitusjonen vil «Ung lærar» integrerast i eigen utdanning som td eit arbeidskrav. Dei same lærarstudentane nyttast som mentorar for ungdomsskuleelevane i gjennomføringa. Dei er unge og eignar seg godt som førebilete for ungdommane, og får òg moglegheiten til å sjå på seg sjølv og eigen lærargjerning med andre brille enn elles.

«Ung lærar» er i slutten av sin pilotfase, og no konsentrer arbeidet seg om ferdigstilling av konseptet og tilrettelegging av ressursar til støtte for vidare utrulling. «Ung lærar» får ein effekt først når flest mogleg ungdomsskular tek det i bruk og flest mogleg elevar får gode opplevingar knytt til læraryrket.

Ung lærar på Moster