Lærarutdannar

Ung lærar ønskjer å inspirera fleire til å bli lærarar gjennom tilrettelagde pedagogiske øvingar i trygge rammer og med lærarstudentar som rettleiarar. 

Lærarutdannar

Me ønskjer å fylla studieplassane ved lærarutdanningane over heile landet og helst med så motiverte og medvitne studentar som mogleg.

Utfordringa er at tradisjonelle metode åleine ikkje treff målgruppene godt nok til å ha den effekten me treng. Ung lærar ønskjer difor å inspirera fleire til å bli lærarar gjennom tilrettelagde pedagogiske øvingar i trygge rammer og med lærarstudentar som rettleiarar. Me vil at ungdomsskuleelevane skal sitja att med gode opplevingar knytt til skulen og lærarrolla.

 

I Ung lærar får ungdomsskuleelevane ein dag med lærarutdanning og ein dag med yrkeserfaring ute på ein barneskule. Dei får oppleva skulens spennande mangfald av menneske, fag og aktivitetar, kjenna på meistring gjennom skreddarsydde øvingar og møta pedagogiske og sosiale utfordringar knytt til skulekvardagen.

Kort fortalt består Ung lærar ein dag med lærarutdanning ein dag med yrkesutøving. Ungdomsskuleelevane får faktisk vera lærarar på ordentleg når dei skal førebu og gjennomføra ein draumetime for ein barneskuleklasse. For å få maksimalt utbytte av dei to dagane er det og lagt opp til førebuingar på eigen skule i forkant.