Skuleeigar

Det er ofte elevane på dei lokale ungdomsskulane som til sjuande og sist kjem heim att for å bli lærarar på dei same skulane eller ein skule i nærleiken.

Skuleeigar

Ung lærar håpar å vera eit bidrag til at det vert enklare å rekruttera nye lærar på skular over heile landet.

Opplegget gjev elevane på ungdomsskulen eit annleis og spennande møte med ei framtidig karriere i trygge, pedagogiske rammer. Kanskje vert dei gode minnene frå desse dagane til ein søknad på lærarutdanninga til slutt?

 

I Ung lærar får ungdomsskuleelevane ein dag med lærarutdanning og ein dag med yrkeserfaring ute på ein barneskule. Dei får oppleva skulens spennande mangfald av menneske, fag og aktivitetar, kjenna på meistring gjennom skreddarsydde øvingar og møta pedagogiske og sosiale utfordringar knytt til skulekvardagen.

Kort fortalt består Ung lærar ein dag med lærarutdanning ein dag med yrkesutøving. Ungdomsskuleelevane får faktisk vera lærarar på ordentleg når dei skal førebu og gjennomføra ein draumetime for ein barneskuleklasse. For å få maksimalt utbytte av dei to dagane er det og lagt opp til førebuingar på eigen skule i forkant.