Ungdomsskulelærar

Ung lærar er eit skreddarsydd opplegg tilpassa kompetansemåla i faget utdanningsval, og som er lett for læraren å ta i bruk

Ungdomsskulelærar

Utdanningsval skal gje elevane innsikt i ulike yrkesvegar og gjera dei medvitne om eigne ferdigheiter og interesser. I Ung lærar får dei ein unik moglegheit til det, gjennom å få oppleva lærarutdanninga og læraryrket frå innsida. Det trur ein vil bidra til eit endå meir kvalifisert karriereval når den tida kjem.


I løpet av tida på ungdomsskulen startar førebuingane til eit nært føreståande utdanningsval og ei framtidig yrkeskarriere. Elevane vert kjent med mange spennande yrker, og i Ung lærar er det skulen som står i sentrum. Opplegget gi elevane eit anna perspektiv på skulen som arbeidsplass, som gjerne er noko heilt anna enn korleis dei ser skulen som elevar. Med ung lærar vil fleire ha læraryrket som eit seriøst alternativ til andre spennande yrker når dei skal velja karriere. Jo betre førebudd elevane er på karrierevalet, desto større sjanse for at fleire hamner på rett stad.

På denne nettstaden finn du ein steg-for-steg-rettleiing i korleis gjennomføra ung lærar på din skule. Innhald og omfang kan tilpassast ressurstilgangen på skulen.

Her er resursar du kan nytte inn i undervisninga di for ung lærar prosjektet:

I Ung lærar får ungdomsskuleelevane ein dag med lærarutdanning og ein dag med yrkeserfaring ute på ein barneskule. Dei får oppleva skulens spennande mangfald av menneske, fag og aktivitetar, kjenna på meistring gjennom skreddarsydde øvingar og møta pedagogiske og sosiale utfordringar knytt til skulekvardagen.

Kort fortalt består Ung lærar ein dag med lærarutdanning ein dag med yrkesutøving. Ungdomsskuleelevane får faktisk vera lærarar på ordentleg når dei skal førebu og gjennomføra ein draumetime for ein barneskuleklasse. For å få maksimalt utbytte av dei to dagane er det og lagt opp til førebuingar på eigen skule i forkant.