
Ungdomsskulelev
Korleis ser det eigentleg ut inne i hovudet på læraren din?
Det skulle nok mange likt å vita! For det er ikkje alltid så lett å sjå at det er stor skilnad på å vera elev og det å jobba på skulen. Det kan ein få ein betre forståing av når ein deltek på ung lærar. Der får ein oppleva korleis det er å førebu ein time, leia arbeidet i klasserommet og få eit innblikk bakom kulissane på skulen.
Mange ungdommar vert overraska over å kjenna på gleden over å leggja til rette for god læring og ikkje minst sjå responsen frå barna. I Ung lærar får du saman med klassekompisane dine utforska det å arbeida på skulen og laga ein draumetime for yngre elevar.
Det beste var å vera med ungane, på besøk på skulane. Ungar er spennande. Dei finn alltid på noko nytt. Det er kjekt å vera med dei
NN, Øyatun ungdomsskule (Halsnøy)
