Rettleiingspedagogikk

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

I dette studiet får du kunnskap og erfaring i rettleiing, fortrinnsvis knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane.

Utdanninga er tverrfagleg med teoretisk og praktisk innføring i rettleiingsteori, prinsipp og metodar. Rettleiingskompetansen er tilrådd ved studentrettleiing. Det er òg viktig å kunne gje tilbod om rettleiing når ein skal rekruttere nye arbeidstakarar.

Studiet passar for deg som er praksisrettleiar innan helse- og sosialfag eller andre som har rettleiing som ein del av si yrkesutøving. Studiet gjev innsikt i rettleiing knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane. Dette inneber forståing for og innsikt i rettleiingspedagogikk, studentaktive læringsformer og rettleiing innan eige fagområde og på tvers av profesjonar.

Studiet inneheld to emne, eitt innføringsemne på 10 studiepoeng og eit påbyggingsemne på 5 studiepoeng. Det er mogleg å avslutte studiet etter innføringsemnet.