Dykkerutdanningen ved Høgskulen på Vestlandet.

Yrkesdykking

Fagskule

Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er Noregs eineste fagskuleutdanning i yrkesdykking!

Kven passar yrkesdykking for?

Ein yrkesdykkar er aktiv, nøyaktig og har gode samarbeidsevner. Det er ein fordel om du er praktisk innstilt, likar utfordringar og er villig til å ta initiativ. Ein yrkesdykkar er først og fremst ein fagperson som gjer arbeid under vatn.

I dykkarutdanninga lærer du mange ulike dykkemetodar og former for undervassarbeid. Du lærer også korleis du skal fungere i eit dykkarlag. I tillegg til opplæring i dei fleste former for yrkesdykking, får du lære om dykkefysikk, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, utstyrslære, regelverk, HMS, sjømannskap, søkemetodar og dykkeleiing. Du vil også lære om anleggsarbeid, undervass-sprenging, varmearbeid, berging og legging av røyr, havbruk og allmennfag.

Yrkesdykking-utdanninga er på heiltid i Bergen. 

Kva blir du kvalifisert for etter dykkarutdanninga?

Dette er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar:

  • Fagskulegrad yrkesdykking, 60 studiepoeng
    • Grunnleggande inspeksjonsdykking
    • Grunnleggande anleggsdykking og rørlegging
    • Teoridel sprenging under vatn
    • Brenning og sveising under vatn
    • Berging
    • Dykking innan havbruk
    • Dykking med Nitrox som pustegass
  • Dykkebevis B, grunnleggande tryggleiksopplæring
  • Dykkesertifikat Klasse 1, Petroleumstilsynet
  • IDSA Level 3 (Surface Supplied Offshore Air Diver)
  • Sertifikat varmearbeid
  • HMS-kurs, 40 timar
  • Utdanninga kvalifiserer til opptak til bedriftsintern opplæring hos brann- eller redningskorps (modul C), som gir dykkebevis A+R, redningsdykking

Korleis er undervisninga?

Teoriundervisninga skjer i klasserom og gjennom praktisk dykking. Dei praktiske øvingane startar i basseng innandørs og held fram med øvingar i sjø frå landbaserte dykkepostar og frå fartøy.

Merk at store delar av studiet har obligatorisk oppmøte.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.