1263 barn er med i prosjekt for å auke fysisk aktivitet i barnehagen

Vieåsen barnehage i Sunnfjord, er ein av 23 barnehagar som deltek i forskings- og utviklingsprosjektet ACTNOW.

Sidan hausten 2019 har barnehagebarn i Sogn og Sunnfjord vore ein del av forskings- og utviklingsprosjektet ACTNOW - Active Learning Norwegian Preschool(er)s.

– Det er til saman 46 barnehagar med i prosjektet, og halvparten av dei er tiltaksbarnehagar som tek aktivt del i kompetanseutvikling gjennom aktivitetar i barnehagen, samt fysiske og digitale samlingar for styrarane og pedagogane som er med, fortel Eivind Aadland, professor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved HVL og leiar for prosjektet.

Gode modellar for meir fysisk aktivitet i barnehagen

Ifølgje Aadland er målet med prosjektet å utvikle gode modellar for meir fysisk aktivitet i barnehagen der ein ser fysisk aktivitet i samanheng med andre fagområde og oppgåver. Han er glad for den gode responsen frå barnehagane så langt.

– For oss er det viktig å jobbe slik at kvar enkelt barnehage kan utvikle gode løysingar ut frå deira premissar. Barnehagane er ulike både med omsyn til storleik, tilgjengelege inne- og uteområde, samt interesse og kompetanse hjå personalet. Vi opplever at barnehagane jamt over er godt motivert og uttrykker at det er verdifullt å delta i prosjektet.

Sissel Elin Årdal er styrar i Vieåsen barnehage. Ho opplever at deltaking i prosjektet har gitt positive ringverknader både for barna og dei tilsette i barnehagen.

– Vi ser tydeleg korleis målretta arbeid med fysisk aktivitet både inne og ute, har stor innverknad språkutvikling og utvikling av sosial kompetanse. Gjennom dette prosjektet får vi ei heilskapleg tilnærming som aukar kunnskapen til dei tilsette og er med på trygge alle borna på at dei kan meistre aktivitetar dei ikkje trudde dei var gode til, seier ho.

Hoppe paradis inne

Årdal fortel at barn som beveger seg lite i leiken, har ofte ein tanke om at dei ikkje får det til. Ved hjelp av ulike metodar kan dei tilsette stimulere barna til å vere meir fysisk aktive både i sin eigen rolleleik og i fellesaktivitetar som til dømes regelleikar.

– Prosjektet har også gitt oss metoder for korleis vi kan vere meir fysisk aktive inne. Det er fullt mogleg å hoppe paradis inne, eller utføre andre aktivitetar som ikkje opplevast som herjing eller støy, seier ho.

Vidareutdanning for barnehagelærarar

Som ein del av ACTNOW-prosjektet har dei tilsette ved høgskulen kome ut til barnehagane for å observere samspelet mellom barn og vaksne.

– Vi har opplevd dette som veldig positivt. Gjennom gode og konkrete tilbakemeldingar har dei tilsette i barnehagen følt seg godt ivaretatt, noko som har gitt dei motivasjon til å jobbe med fysisk aktivitet på nye måtar, seier ho.

Basert på ACTNOW-prosjektet har Høgskulen på Vestlandet utvikla ei vidareutdanning for barnehagelærarar på 30 studiepoeng som heiter Fysisk-motorisk utvikling og aktivitet i barnehagen. Innhaldet i studiet er sentrert rundt ulike perspektiv på fysisk aktivitet og leik, korleis ulike aktivitetar kan fremje barn si fysiske, motoriske, kognitive og emosjonelle utvikling, samt korleis ein kan drive utviklingsarbeid knytt til fysisk aktivitet i barnehagen.