Campus Bergen opnar igjen

Tysdag 23. februar opnar campus Bergen opp igjen for studentar. Det betyr at alle HVL sine campusar då vil vera opne. HVL vil ha både digital undervisning og undervisning på campusane i mindre grupper i tida framover.

Studentar og tilsette har ansvar for å følge retningslinjene for smittevern til ei kvar tid.

HVL vurderer situasjonen fortløpande, og ber alle studentar og tilsette om å halde seg oppdatert i Canvas og på intranettet.

Undervising

HVL følgjer timeplanen kor følgjande vert lagt til grunn:

  • Fysisk undervisning kan gjennomførast i mindre grupper og dersom smittevernstiltak ikkje er til hinder for det.
  • Det skal ikkje gjennomførast fysiske samlingar eller forelesingar med 50 eller fleire personar.
  • Undervisning som går fysisk (med unnatak av ferdigheitstrening og simulering), skal óg ha eit tilsvarande digitalt tilbod, slik at studentar som ikkje kan kome (f.eks. på grunn av reiserestriksjonar, isolasjon eller karantene eller helsemessige årsaker) får eit eige tilbod, for eksempel ved strauming eller ved at presentasjonar m.m. bli gjort tilgjengeleg i Canvas.

Reiser

  • HVL ber studentar om å følje reiseråda til styresmaktene.
  • Reise til praksisstad er å rekna som ei nødvendig reise.

Samlingsbaserte utdanningar

  • For å unngå reiser vil ingen samlingsbaserte utdanningar med tilreisande studentar ha fysiske samlingar før tidlegast 15. mars. Det vil bli tatt ei ny vurdering om ei eventuell forlenging i starten av mars.

Arrangement

  • Arrangement, konferansar og møter skal vere digitale.

Heimekontor, reiser og møter for tilsette

  • HVL tilrår heimekontor for dei som har mogelegheit til det.
  • HVL oppmodar tilsette til å avgrense sin jobbreiseaktivitet inkludert mellom campusar, til reiser som vert vurdert som nødvendige.
  • HVL oppmodar om at det ikkje vert planlagt for å gjennomføre fysiske møter på campusane i tida framover.