Denne teknologien skal redde frukt- og bærnæringa

Under ein gjennomsiktig teltduk i bakkane over Sognefjorden, blir lange rekker av høge bringebærskot overvaka av ein liten, gul robot. På det nyopna testanlegget jobbar forskarar og bønder saman med å utvikle framtidas bærnæring.

- Ein nøkkel til å finne dei beste metodane for næringa, er å ha eit tett samarbeid mellom teknologi og planteteknikk. Vi må forstå begge delar for å finne dei beste måtane å jobbe på, seier Martin Fodstad Stølen, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Teknoløft Sogn og Fjordane er eit seksårig samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sintef Digital. Over to dagar, 24. og 25. mai, samla prosjektet nøkkelaktørar for å dra i gang ein samtale om teknologien si rolle i framtidas frukt- og bærproduksjon på Vestlandet. Høgdepunktet den første dagen var opninga av det nye testanlegget RoboVest ved Njøs frukt- og bærsenter på Leikanger. 

roboten.JPG

På fotoet: Martin Fodstad Stølen i lag med studentane Aril Torheim, Isak Vamråk Førde og Chris Louis Johnsen - og forskingsroboten Husky. - Vi ser for oss at den neste jordbruksrevolusjonen vil ha integrerte sensor- og robotsystem med ulik grad av sjølvstende, forklarer Stølen.

Krevjande kår for bøndene

Kven skal plukke framtidas bær? Dei siste åra har frukt- og bærdyrkarar slite stadig meir med å få tak i plukkarar til innhaustinga. Norge er ikkje åleine om dette – i Storbritannia manglar landbruket rundt 90.000 sesongarbeidarar. Sognabær på Vangsnes kan fortelje at dei no må heilt til Thailand for å finne folk til den kommande sesongen. Om UDI gir dei nødvendige papir i tide, veit ingen enno.

Samtidig møter bærbøndene sterkare konkurranse frå andre land. Ikkje kan bæra bli for dyre, og ikkje kan dei gå ned på kvalitet. Før eller seinare vil forbrukaren truleg føretrekke perfekt modna bær som ein robot har fotografert 30 gonger frå ulike vinklar og analysert med tanke på modningsgrad, framfor litt umodne eller overmodne bær som berre er vurderte av eit trena, men vanleg menneskeblikk.

– Bærdyrkinga er i sterk endring, frå frilandsdyrking til meir kontrollerte former for dyrking i potter i høge plasttunneler. Enkeltplanta får mykje større merksemd der enn ute på eit jorde, fortel bærforskar Anita Sønsteby frå Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.

– Dette skaper meir føreseielege forhold, men krev samstundes langt meir kunnskap.

Roboten Husky viste seg fram

I ein høg, vid plasttunnel med lange bringebærplanter langs ytterkantane, ventar ein robust, liten robot med gult skrog og røffe dekk lydig på klarsignal. Husky sine tre spente fedrar er bachelorstudentane Isak Vamråk Førde, Aril Torheim og Chris Louis Johnsen, som studerer automasjon i Bergen. Det er dei som har programmert Husky og dressert han til å bevege seg nedover langs radene av slanke bringebærskot, snu og krysse over til den andre sida av dyrkingstunnelen, der han igjen tek seg oppover seg langs radene.

- Vi har jobba i fleire månader med simulering, så det føles veldig bra å få prøve dette ut i røynda. Det fungerer mykje betre enn vi trudde! seier Førde.

Kva Husky skal gjere på vandringa si, er opp til nye studentar og forskarar. I prinsippet kan han samle inn mange slags data om dyrkingsforhold, som temperatur, fukt og lys. Seinare vil han etter planen få selskap av andre og større robotar. Det er alt utvikla fleire typar sjølvgåande robotar som kan strekke ut ein kunstig arm, vurdere bæret og nappe det av med ei skånsam klo viss det skal haustast. 

Stølen, som er forskar på høgskulen, har også ei stilling i firmaet Fieldwork Robotics. Han har vore med på å bygge ein bringebærplukkande robot som alt er testa ut i Portugal og Storbritannia. Men slikt utstyr må tilpassast norske forhold:

– Forholda er annleis her, med mindre gardsbruk, kortare sesong, anna mikroklima og brattare lende.

Det nye presisjonslandbruket

Måling av storleik på bæra, overvaking av bladareal, stamme og temperatur, nedgravde og trådlause sensornettverk som følgjer med på fuktforholda: Dette var noko av den avanserte teknologien innan landbruk som blei presentert under workshopen. Behovet for dette har vakse fram av ulike årsaker, mellom anna klimaendringane og nye, ustabile vêrforhold. Hagl eller kraftige regnbyger i juli kan til dømes rasere ei heil avling. Dette har gjort bærdyrkinga til inneaktivitet og presisjonsarbeid der teknologien kan tilby nøyaktig berekning av til dømes gjødsling og vatning. Dei nye dyrkingsteknikkane gir også høve til meir miljøvenleg plantevern, slik som desinfisering med damp i staden for sprøyting.

Men all teknologien som er på veg, er også utfordrande for bøndene å følgje med på. Eit problem for bær- og fruktdyrkarar er at dei plantar for mange år fram i tid. Stine Huseby i Norsk landbruksrådgjeving vest nemnde at ein dyrkar oftast plantar bringebær for at dei skal stå i 15 år. Det er altså ikkje berre å hive seg rundt og omfamne nye bærtypar, dyrkingsmåtar og tilpassingar, sjølv om det er livsviktig å henge med.

Den unge bærbonden Dag Einar Bøtun frå Fresvik, som har sett seg nøydd til å utvikle eit beresystem for plukkarane sine for å halde tempoet høgt nok, sette ord på ei bekymring mange dyrkarar sikkert deler i møte med den nye teknologien:

– Eg er ein liten bærbonde. Alt skal bli teknisk. Det er ei frykt at dei små bærbøndene stryk med av robotar.

Samarbeid er avgjerande

Bærbonden Ola Hopperstad var med på å starte Sognabær i 2005, og har sett omfattande endringar i næringa i løpet av desse åra. Hans eiga forteljing om selskapet si utvikling gav eit godt bilete av den rivande utviklinga. 

– Det er her vi er i dag. Kor hen vi er i morgon, veit vi ikkje, for det svingar fort i jordbruket.

Geir Kåre Resland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, opna anlegget RoboVest ved å klippe ein snor midt i tunnelen. Han framheva at samarbeid og samskaping det aller viktigaste no.

– Vi skal bli eit universitet som skaper kunnskap i tett samarbeid med arbeidslivet, og her har vi spesielle fortrinn på Vestlandet. Med denne teknologisatsinga vil vi vere med på å ruste ei sårbar næring for ei uviss framtid.

 

snorklipping.jpg

Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling, opnar testanlegget på Njøs i Leikanger. Dei som held snora er Hallvard Klakegg frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (t.v.) og Torbjørn Billing, dagleg leiar i Grofondet (t.h.), begge aktørar som har vore med på å finansiere satsinga. 

Førdefolk.JPG

Stipendiat Gizem Ates (t.v.) frå HVL Robotics i Førde diskuterer robotteknologien med bachelorstudent Aril Torheim.

Erik.JPG

Erik Kyrkjebø ved høgskulen er leiar for forskingsprosjektet Teknoløft.