Dette skjer på Samtidsdagane

14. - 15. februar inviterer Høgskulen på Vestlandet til Samtidsdagane på campus Stord, for femtande året på rad. Årets program har fokus på aktuelle tema som psykisk helse, oppvekst, utanforskap og internasjonal politikk.

Sidan oppstarten i 2009 har Samtidsdagane vore ein årleg møtestad og arena for kunnskap og refleksjon over samtida. Det er også tilfelle i år, kor viktige, men også vanskelege tema blir løfta fram.  

– Vi skal innom tema som engasjerer og utfordrar oss. Til programmet har vi henta inn dagsaktuelle stemmer nasjonalt, regionalt og frå vår eigen høgskule, fortel prosjektleiar Alf H. Aronsen. 

Nytt av året er også at Samtidsdagane er kopla saman med sirkulærdagen på campus Stord og berekraftsvekene ved Stord vidaregåande skule og elles i Stord kommune, legg han til. 

Arrangementet er ope for alle interesserte. 

Sjå programmet for Samtidsdagane her. 

Vanskelege livssituasjonar

Temaa under den første dagen spenner frå vegen ut av eteforstyrringar, til utanforskap, politikk og rasisme. 

Fastlege og spesialist i allmenmedisin Kari Løvendahl Mogstad vil fortelje om då hennar eiga dotter fekk eteforstyrring. Ho vil prate om pårørande si rolle når ein alvorleg sjukdom rammer sitt eige barn. Innleiinga byggar på den kritikarroste boka "Vår vei ut – en fortelling om spiseforstyrrelse, skam og håp".

Kaisa Hansen-Suckow vil fortelje om å vere fattig i dagens Norge med utgangspunkt i den sterke boka «Oss mot verda. Å vere fattig i Norge» som kom ut i fjor. Etter innleiinga vil Hansen-Suckow delta i ein samtale med
Stina Eiet Hamberg, seniorrådgjevar i Redd Barna. 

Etter dei to første innlegga vil tema skifte over til internasjonal politikk. Her vil idéhistorikar og forfattar Tarjei Skirbekk presentere tankane bak si nye bok «De moderate folkepartienes fall i Europa». Førstelektor Siv Helland Oftedal frå Universitet i Oslo, vil gi ein introduksjon til Kinas politiske utvikling og korleis den formar Kina som global aktør. 

Dagen blir avslutta med ein samtale om boka  «Kvit, norsk mann» av Brynjulf Jung Tjønn. Boka byggjer på forfattaren sine eigne erfaringar frå ein oppvekst i Sogn og Fjordane. Det er ei samling vonde og kloke dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. I samtalen vil Tjønn snakke med høgskulelektor ved HVL Fredrik Stenhjem Hagen om korleis det har vore å bli utsett for rasisme i oppveksten, og korleis det har vore å få spørsmål om kor han eigentleg kjem frå.

Leik, oppvekst, rus og psykisk helse

Dag to opnar med fokus på barns leik og læring. Birgitte Fjørtoft, forfattar og redaktør for tidsskriftet Barnehagefolk, tar deg med i leikens verd og presenterer ulike inngangar til kva tyding leiken har for barn, og korleis vaksne kan stille blikket inn på det leikande uttrykket. 

I neste programpost vil høgskolelektor på HVL Kjerstin Sjursen leie ein samtale med lege og journalist Charlotte Lunde, som har skrive boka «Lek og læring i et nevroperspektiv. Hvordan gode intensjoner kan ødelegge barns lærelyst».

Martin Eia Revheim kjem også for å fortelje den sterke historia basert på boka «Å sette sammen bitene. Min historie om vold, skam og reparasjon». I boka fortel han om oppveksten sin med ein valdeleg og uberekneleg far. Samstundes skildrar han forholdet mellom gode og dårlege minne, som gjer barn usikre i ønsket om å reparere relasjonen.

Therese Tungen kjem til Stord for å snakka om den tunge sorga etter å ha mista eit barn. I boka «Snu deg. Edvins bok» skriv ho om guten sin, om møtet med døden, og om ein familie som prøver å forstå korleis dei kan gå vidare, utan Edvin. 

Trond Bjerke er ein framståande akademikar med doktorgrad i samfunnsvitskap, og er forskningleiar ved rusklinikken på Universitetet i Nord-Norge. Samtidig har han vore innlagt for rus og psykiske lidingar fleire gonger. Han kjem til Samtidsdagane for å fortelje om sine personlege erfaringar, som han løfter inn i ein større kulturell og mellommenneskeleg kontekst. 

Siste innlegg under Samtidsdagane er med psykolog Lars Petter Kjær. I løpet av eit halvt år opplevde han å miste to søner i sjølvmord. Kjær kjem til Stord for å fortelje om korleis det er å leve med sorga etter ei så stor livskrise. 

Samtidsdagane blir opna av rektor Gunnar Yttri og ordførar Gaute S. Epland.