Ekstremvêr vil bli vanlegare. Kartlegging av faresonar kan hindre øydeleggingar

Øydeleggingane etter ekstremvêret «Hans» er store. Er dette noko som kjem til å skje oftare i framtida? Og kva kan vi gjere for å ruste oss betre? Tre ekspertar forklarar.

– Vi kjem til å få meir ekstremvêr i framtida. Klimaendringane gjer at vêrsystem som lågtrykket «Hans», bringer med seg meir nedbør og ligg lenger i ro over eitt område. Dette kan skape store øydeleggingar, fortel forskar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Kristine Flacké Haualand.

Haualand er meteorolog og forskar på effekten av klimaendringar. Ho er også spesialist på korleis lågtrykk utviklar seg.

Forskaren er overraska over at eit slikt lågtrykk som Hans, som kom frå aust, førte med seg slike enorme nedbørsmengder.

Den flaumstore Ådalselva endar Hønefossen under Hans. (Foto: Wikimedia Commons).

No, når det verste kan seiast å vere over, er det store spørsmålet om slike vêrhendingar kjem til å komme oftare?

Sjeldne vêrhendingar vil bli vanlegare

Klimaendringane gjer at vi kjem til å oppleve meir ekstremvêr.

– Dersom gjennomsnittstemperaturen stig med ein grad, vil det i gjennomsnitt regne 6–7 prosent meir i døgnet. Den mest kritiske faktoren er likevel kor mykje nedbør som kan komme i løpet av ein time. Det kan bli opptil 14 prosent meir nedbør i timen.

– Dette kan føre til større øydeleggingar og aukar risikoen for skred og flaum, seier Haualand.

 
Flommen i Storelva på Ringerike 2023 - sandvoller langs Tyristrandgata.(Foto: Wikimedia commons).
 

Austlandet er ikkje rigga for store nedbørsmengder

At Austlandet opplever så store nedbørsmengder, er uvanleg. Det er bra, for landskapet på austlandet toler det heller ikkje, fortel Haualand:

– Til samanlikning er Vestlandet rigga for å tole store mengder nedbør. Vatnet har mange vegar det kan dra – elver, bekkar og fjordar. På austlandet er det flatare, og vatnet har ikkje så mange plassar å gjere av seg. 

Ho fortel at den same mengda nedbør kan få veldig ulike konsekvensar i dei to landsdelane. På austlandet er risikoen for flaum og øydeleggingane større.

Design uten navn (6).png

Hans: Når to blir til ein

«Hans» oppstod då restane frå eit lågtrykk i Middelhavet bevegde seg nordover og møtte restane frå eit lågtrykk frå Storbritannia, før det sette kursen mot Sverige og austlandet. Her stoppa det opp. Fjella i Midt-Norge danna ei barriere, og det enorme lågtrykket blei ståande å tømme store vassmengder over landskapet.

Kunne sjå det komme

Det er uvanleg at slike store vêrsystem som Hans treffer austlandet. Heldigvis er slike vêrsystem lettare å varsle enn styrtregn knytt til bygeaktivitet. 

Meteorologar kan berekne utviklinga av lågtrykk og dermed når og kor nedbøren kjem. 

Då kan ein varsle og ta grep for å førebu seg. Det kan forhindre øydeleggingar og bidra til at menneske ikkje blir skada eller i verste fall mister livet.

Varsling av styrtregn er vanskelegare

Akkurat det – å vite når og kvar – er meir utfordrande når det kjem styrtregn. Denise Rüther er geolog og forskar på skred. 

Eit av hennar forskingsprosjekt var skredet som gjekk på fylkesveg 451 ved Årnes i Jølster i 2019. Der mista ein mann livet.

Styrtregnet som førte til dette katastrofale skredet, var vanskeleg å forutsjå. Hendingar med styrtregn er veldig lokale, og mens det kjem ekstreme mengder med regn ein plass, kan det vere tørt nokre få kilometer unna. 

Denise Rüther ved eit mindre skred i Svidalen som blei utløyst under hendinga i Jølster. (Foto: HVL).

Erfaringane frå Jølster har ført til at både Meteorologisk institutt (Met) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har endra varslingsmetoden.

– Jorda var uvanleg tørr på store delar av Vestlandet i forkant. Effekten av så mykje nedbør over kort tid blei derfor katastrofal.

Sjølv om forskinga har ført til endring av varslingsrutinane, er det framleis utfordrande å varsle om slike hendingar:

– Eit så lokalt styrtregn er vanskeleg å oppdage og varsle om.

Ras vil komme oftare

Klimaendringane betyr at ras lik det som gjekk i Jølster, vil komme oftare.

Både Jølster og ekstremvêret Hans viser at det er stort behov for meir kunnskap, meir forsking og fleire hovud som kan forstå kva som skjer og kva som kan komme til å skje. 

Det melder seg viktige spørsmål som: Kan vi bygge på same vis? Må vi kartlegge fleire område for å forstå kvar sårbarheitene er?

Håpar på ei haldningsendring

– Eg trur geologar som utreier skred- og flomfare til planleggingsformål, for mange er kjent som festbremsen. Det er dei som ikkje gir folk lov til å bygge hus fordi det kan komme eit ras ein eller annan gong. Det kan bli i morgon eller om tusen år.

– Eg kan forstå at det kjenst kjipt ut, men eg håpar at ein kanskje kan få ei auka forståing av at kartlegging av faresoner er viktig – at det kan vere med på å hindre øydeleggingar, seier geolog Paula Snook.

Snook er sentral i forskingsgruppa som har kartlagt og dokumentert det ustabile fjellpartiet mellom Aurland og Flåm som i sommar raste ut.

Stampa-området i Aurland. Her installerer Paula Snook og Sigurd Nerhus (HVL) ein såkalla geofon, ein seismisk sensor som registrerer rørsle i fjellet. (Foto: HVL).

I lag med fleire kollegaer arrangerer ho Geofaredagen i haust. Her skal fagfolk og studentar samlast for å diskutere aktuell og pågåande forsking,

– Vi treng fleire geologar, fleire som forstår og kan forske på kva konsekvensar klimaendringane kan få og kva vi bør gjere for å trygge oss, seier ho.

Tilbakeblikk: Storofsen i 1789

– Manns minne er, samanlikna med oss som er geologar, kort. Våre minne og perspektiv strekker seg over tusenvis av år, seier Rüther.

Då ho såg øydeleggingane til «Hans», vart ho derfor minna om sist gong Austlandet opplevde ein enno større flaum.

Det var i 1789 under flaumen som vart kalla Storofsen. 63 menneske mista livet og meir enn 3.000 hus blei totalskadd i uveret. Store areal med åker og eng vart øydelagt av flaum og skred.

– Sjølv om vi ikkje har målingar som går så langt tilbake i tid, har det blitt rekonstruert at lågtrykket kom frå aust også den gongen. Eit kraftig lågtrykk over Polen og høgtrykk over Finland gav utgangspunkt for enda større nedbørsmengder under Storofsen enn Hans, seier Snook. 

Ho fortel vidare at forsinka snøsmelting også bidrog til eksepsjonell høg vasstand i Mjøsa og andre vassdrag under Storofsen. Det skjedde i det som vart kalla den vesle istida. Det var kaldt i Europa, med store snømengder. 

– Vi veit at snøsmelting ikkje hadde noko stor betydning for vassmengdene vi såg under Hans, seier ho.

Denne saka blei først publisert på forskning.no.