
Gå med HVL i prideparaden
Skeive rettar er under press mange stader. Laurdag denne veka samlast både studentar og tilsette under HVL-fana i prideparaden i Bergen.
– Kom og bli med! Vis at vi feirar kjærleik, menneskeverd og mangfald i samfunnet, seier førstelektor i matematikk, Gjert Anders Askevold.
Tidlegare i år forbaud Ungarn pridemarkeringar. I Russland, vårt naboland, har det i fleire år vore ulovleg å fremja skeive uttrykksformer. I USA og Storbritannia er transpersonar sine rettar under press.
Også her i Noreg går debatten om pride livleg føre seg.
Eit knippe eldsjeler på HVL har derfor tatt initiativ til ei eiga HVL-fane i prideparaden under Regnbuedagene i år, laurdag 21. juni.
– Møt opp på Festningskaien ved Statsraaden Bar og Reception mellom 12.30 og 13.00. Ta gjerne med ein kollega, partnar eller familiemedlem! seier Askevold.
Paraden startar klokka 13.00 ved Festningskaien og endar opp i Nygårdsparken, der det er Pride Park i år.
Her kan du sjå paraderuta.