Gir byggeprosjektet i Haugesund meir tid

Høgskulestyret utsette i dag vedtak i saka om vegen vidare for nybygg i Haugesund.

Det var rektor Gunnar Yttri som ba om at saka blei utsatt.

– Fram til nyleg hadde vi ein god prosess i dette prosjektet. Men frå rapporten om oppstart av forprosjekt kom frå Statsbygg 22. august, har Statsbyggs nye kalkylar vorte pregande for saksførebuinga. Her har vi søkt å kopla økonomisk realisme med høge ambisjonar for campus.

Hovudgrunnen til at rektor likevel bad styret om å bruka meir tid på saka, er at det er kome verdfulle innspel som opplagt kan styrka prosjektet.

– Vi gjer klokt i å ta opp att den gode prosessen og gi dette meir tid, men utan at vi bremsar framdrifta, seier rektor Gunnar Yttri.

Nybygget er ei viktig og naudsynt satsing

Han er klar på at nybygget i Haugesund er ei viktig og naudsynt satsing.

– Vi skal bygge eit godt og moderne bygg i Haugesund. Vi skal samlokalisera aktiviteten og det er viktig for fagmiljø og studentar. Nybygget er óg viktig for Haugesund og regionen, og det nye universitetet vi byggjer.

Han seier at byggeprosjektet i Haugesund først skal godkjennast i høgskulestyret, så skal det også godkjennast i Kunnskapsdepartementet.

Brukarutvalet trekkast inn i arbeidet

Styreleiar Arvid Hallén i HVL seier det var eit samla styre som støtta framlegget frå rektor om utsetjing.

– Det var nødvendig å gå meir inn i korleis Statsbygg sine innspel skal vurderast og følgjast opp. Konsekvensane av framlegg til endringar må vera vurdert. Brukarutvalet må trekkast inn i dette arbeidet. Byggesaka må og vera økonomisk berekraftig for høgskulen.

- Målet vårt er at dette skal bli eit godt prosjekt for Haugesund og heile HVL. Det er styret klare på, seier Hallén.

bilde 4.jpg
 
Bakgrunnen for dagens styresak om nybygg i Haugesund er rapporten frå Statsbygg som viser at kostnadsbilete for byggeprosjektet i Haugesund er usikkert og vesentleg høgare enn den ramma styret tidlegare har fått seg førelagt og gitt klarsignal til.

At saka blei utsett til neste styremøte i slutten av oktober inneber at administrasjonen saman med brukarutval og styringsgruppe arbeidar videre med prosjektet med utgangspunkt i anbefalingane som rapporten frå Statsbygg trekk opp, og dei signala som styret ga saka.

Dialog med kommunen om omgjevnadene

Styret spela inn at ein må sjå nærare på parkeringstilhøve, bygget si form, at ein held ein god dialog med kommunen og omgjevnadene, og at ein får ein klår risikovurdering kring kostnadane og at ein og tar høgde for framtidige arealbehov.

– At denne prosessen no vil ta litt meir tid skal ikkje ha noko å seie for framdrifta i prosjektet. God framdrift er også viktig, seier styreleiaren.

I dagens styremøte handsama ein fleire andre saker, mellom anna forslag til utviklingsavtale 2023-2026 og høyringssvar på ny universitets- og høgskulelov. Sakene blei vedtekne i tråd med tilrådingane.

Ekstra til lokale lønnsforhandlingar

I saka om lokale lønnsforhandlingar 2022 støtta styret rektor si tilråding i saka, og vedtok å tilføre tre millionar kroner ekstra til fordeling gjennom haustens forhandlingar i høgskulen. Løyvinga skal støtte opp under dei overordna mål og strategiar ved HVL, og legge til rette for at HVL kan rekruttere, behalde og utvikle kompetente og motiverte medarbeidarar ved alle campus.

Samstundes understreka styret at å tilføre ekstra midlar berre kan gjerast unntaksvis og med tydeleg strategisk grunngjeving.

bilde 2.jpg
På kvart styremøte er det eit campusrelevant tema. I dag var det internasjonalisering. Under lunsjen blei styret informert om arbeidet og utviklinga innan det internasjonale arbeidet og dei fekk møte fleire av høgskulen sine internasjonale studentar ved campus Bergen.