Gjer klart for god studiestart

Denne veka har høgskular og universitet fått signal frå styresmaktene om å førebu meir fysisk undervising til hausten i tråd med gjenopningsplanen.

– Ved Høgskulen på Vestlandet vil studiestarten i august følgje fastlagde timeplanar. Samstundes bur vi oss på at vi kan gje meir og meir fysisk undervising utover i haustsemesteret, seier rektor Gunnar Yttri.

Han meiner at dei nye signala er ei gladmelding.

– Ja, dette er eit godt og etterlengta signal å ta med inn i sommaren. Meir fysisk undervising i laupet av hausten er noko mange av oss ønskjer seg.

I tråd med gjenopningsplanen

Signala frå Kunnskapsdepartementet om å førebu meir fysisk undervising kom fredag 2. juli, og dei er i tråd med den nasjonale gjenopningsplanen for trinn 4.

– Vi veit ikkje kor tid planen vil trå i kraft. Det er nok litt avhengig av smittesituasjonen, men vi bur oss på at det vil bli opna meir opp. Den fysiske undervisinga på campusane våre vil såleis auka på utover hausten. I trinn 4 vert det mellom anna lagt opp til at avstandskravet i undervisningsaktivitetar vil utgå.

Yttri understrekar at for sjølve studiestarten i august har HVL planlagt for ein situasjon som er lik fjoråret, der avstandskrav gir avgrensingar på kor mange som kan møtast fysisk.

– Vi følgjer planen som er lagd, og eg gler meg til å treffe studentar og tilsette på campusane våre i august. Det er gjort mykje godt arbeid med å førebu studiestart og fadderaktivitetar.

– Så ser eg fram til at vi kan opna meir og meir opp innanfor dei smittevernsreglane som til ei kvar tid gjeld.

Følgjer nasjonale råd

– Likevel må vi ta atterhald om at smittesituasjonen kan endre seg. Ei gradvis og kontrollert opning har vist seg å vere ei bra tilnærming. HVL har hatt ei linje under heile pandemien der vi følgjer nasjonale og lokale retningslinjer og råd, og vi har jobba godt i lag for å halde campusane våre opne.

– Med fem campusar har vi gjort oss erfaringar om at smittetrykket kan vere ulikt. Utbrot kan komme fort, og då må vi setje i verk tiltak. Slike forhold høyrer til i reknestykket.

– Når vi til hausten kan opne for meir fysisk undervising vil vi òg ta med oss dei erfaringane vi har gjort oss med digital undervising. Ein god og klok kombinasjon av fysiske og digitale læringsaktivitetar vil vere ein del av studiekvardagen.

Signal om vaksinasjon

Yttri fortel òg at styresmaktene no gir signal om vaksinasjon for studentar.

– Studentane blir oppmoda om å nytte seg av tilbod om første dose koronavaksine i den kommunen kor dei er folkeregisteret. Det vert jobba med få på plass gode løysingar for at studentar skal kunna få andre dose i den kommunen kor dei studerer. Når dette arbeidet er meir klart vil det komme nærmare informasjon om ordninga.

Smittevern er viktig

Yttri oppmodar studentar og tilsette til å halde seg oppdatert på koronasituasjonen gjennom sommaren.

– Smittevern er og blir veldig viktig for oss alle, særleg når vi møtest fysisk på campusane. Dei grunnleggjande smittevernstiltaka gjeld framleis.

Her kan du lese meir om studiestarten ved HVL.