Høgt tempo på statsråden i Sogndal og Førde

Teknologi, rekruttering til lærarutdanning og helse- og sosialfag var litt av det som stod på menyen då statsråd Henrik Asheim vitja Sogndal og Førde.

HVL er utan tvil den institusjonen som Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim har besøkt flest gongar i sin korte tid som statsråd. For knappe to veker sidan var han på campus Bergen, og i går køyrde han Førde-Sogndal tur-retur og hadde fullspekka program.

Første stopp var Sogndal og lærarutdanning. Der venta eit godt lag på statsråden.


- Eg hadde gode og inspirerarande menn som rollemodellar då eg sjølv gjekk på skulen. Derfor ville eg bli lærar, fortalte Håkon Eide frå Kvam i Hardanger. Han stortrivst som lærarstudent ved grunnskulelærarutdanninga 1.-7. trinn i Sogndal. No skal han ut på turné langs Vestlandet for å inspirere unge til å velje læraryrket. Dette gjennom det nasjonale rekrutteringsprosjektet som HVL leiar. Til høgre ser me Bjørn Arild Grindhaug som har ei delt stilling mellom HVL og Hafslo barne- og ungdomsskule.


Ein nyfiken, interessert og lyttande statstråd fekk tips og gode råd om alt i frå lærarutdanning, samspel med praksisskular, korleis lærarutdanninga må vera tett på kommunar, behovet for vidareutdanningar og kompetanseløft, korleis forskinga kan støtte opp om undervising, bruken av delte stillingar der ein jobbar i skuleverket og på høgskulen – til  profesjonsrettleiing og praksissjokk.  Frå venstre:  Ole Gunnar Krakhellen (Kommunalsjef oppvekst Sogndal kommune), Knut Åge Teigen (Kommunalsjef oppvekst Luster kommune),  Hege Gjerde Sviggum (Assisterande instituttleiar ved institutt for kunstfag, HVL), Bente Nicolaisen Sollid (Assisterande instituttleiar ved institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, HVL), Bente Cathrine Bakke (Rådgjevar/prosjektleiar ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL),  Arnstein Menes (Ordførar Sogndal kommune) Håkon Eide (Student), Statsråden og Bjørn Arild Grindhaug (Lærar i delt stilling mellom HVL og Hafslo barne- og ungdomsskule).


Dekan Geir Anton Johansen ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap ga Forskings- og høgare utdanningsministeren eit godt innblikk i porteføljen til heile fakultet, før han gjekk nærare inn på samarbeidet med fagskulen om utstyr og labfasilitetar, studentoppgåver og det tverrfaglege moglegheitsrommet innan teknologi og helse. Bak ser me rektor Reidar Grønli ved Fagskulen i Sogn og Fjordane.


- Me ser mange gode koplingar og moglegheiter mellom teknologi og helsefag. Fusjonen har styrka oss på mange felt, sa prodekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Anne-Grethe Naustdal. Ho passa på å stikke strategien opp i neven på statsråden. Christian Moltu som har ei delt stilling mellom HVL og Helse Førde fekk statsråden interessert i prosjektet han fekk fjorårets innovasjonspris i Helse Vest på.

Statsråden fekk prøva flysimulatoren på verftet i Førde. Her er det like før take off, saman med Frode Steen frå Reodorklubben på Verftet i Førde.


På same dag som sluttrapporten frå NIFU kom, var statsråden også inne på HVL-fusjonen i sin oppsummering av dagen på høgskulen.

- Eg byrjar å bli godt kjent med høgskulen. Det er veldig mykje spennande og bra som skjer i HVL. Veldig spennande å høyre om fusjonsgevinstane både innan helsefaga og teknologifeltet, og sjølvsagt innan lærarutdanninga.

- Eg opplever at det er ein vilje til å spele kvarandre sterke i HVL, både på tvers av fagmiljø og campus, men også saman med regionen. Det har eg merka meg, og det er veldig veldig bra.