HVL fyller fem år

I 2022 rundar Høgskulen på Vestlandet fem år. Fleire helsar ein høgskule i godt driv.

10. januar 2017 føretok dåverande statsminister Erna Solberg den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet.

– Eg gler meg over og er takksam for alt det arbeidet som er lagt ned av tilsette og leiing desse fem første formande åra. Og eg gler meg over den fornyande, sterke krafta i studentane våre.  

- Saman har vi verkeleg bygt oss sterkare på utdanning, forsking og nyskaping, seier rektor Gunnar Yttri. 



Yttri held fram:

- I dag og i dagane som kjem dreg vi vekslar på det grunnlaget som er skapt. Ved å ta stadig nye steg i forsking og nyskaping, danning og utdanning, bygger vi det nye universitetet. 

- Ved inngangen til 2022 er vi blitt 17 580 studentar og 1882 tilsette. Det plasserer oss blant dei største høgare utdannings- og forskingsinstitusjonane i landet. Hadde det ikkje vore for Covid-19 og smittevernet, skulle vi ha feira med kake i dag, seier rektor Yttri.

Han legg snøgt til at høgskulen vil markere fem år med ulike arrangement og innslag både i vinter og seinare på året. 

Sjå helsingar her: (klikk på namn/bilete for å lese kvar einskild helsing)