Innfører nye koronatiltak
Regjeringa innfører nye nasjonale smittevernstiltak frå torsdag 25. mars. Det får følgjer for aktiviteten ved HVL.
Do you prefer to read this article in English?
Dei nye nasjonale tiltaka er ei klar innstramming for å få ned smittetrykket. Dei trer i kraft frå torsdag 25. mars og gjeld inntil vidare.
Regjeringa vil gjere ei ny vurdering innan 12. april. HVL vil komme med ny informasjon i samband med dette.
Dette betyr dei nye nasjonale smittevernstiltaka for HVL:
- Praksis vil gå som normalt ved alle campusar.
- Campus Haugesund er stengt fram til og med søndag 11. april. All undervising skal vere digital.
- For campus Førde, Sogndal, Bergen og Stord gjeld følgjande frå og med torsdag 25. mars:
- All undervising skal vere digital. Unntak kan gjerast for ferdigheitslæring som er kritisk viktig og avgjerande å gjennomføre for at studentar kan få gå ut i praksis og for å oppretthalde progresjon. Dekanane vil avgjere dette.
- Campusane er opne. Bibliotek og leseareal er tilgjengeleg. Ein må bruke adgangskort for tilgang.
- Avstandsreglene på campusane endrast frå 1 til 2 meter.
- Alle HVL-tilsette som kan arbeide heimefrå, skal gjere det. På Stord, i Bergen, Sogndal og Førde gjeld unntak for tilsette i servicetorget, på biblioteket, og tilsette som skal leie ferdigheitslæring, samt driftspersonell som må gjennomføre arbeidsoppgåver på campus.
Styremaktene oppmodar alle om å ha særs lav terskel for å teste seg og etterleve smittevernsreglane. Det er spesielt viktig å huske på at avstandskravet no er auka frå 1 til 2 meter.
Følg med i Canvas for informasjon.
Aktuelle saker om pandemien ved HVL
- Vidarefører avstandskrav i undervising i Bergen, 9.9.21
- Innfører avstandskrav i undervisinga i Bergen, 30.8.21
- HVL forsterkar smittevernet, 12.8.21
- Koronasituasjonen og studiestart, 5.8.21
- Gjer klart for god studiestart, 2.7.21
- Koronasituasjonen og HVL, 28.5.21
- HVL bur seg på meir opning, 21.5.21
- Studentar ved campus Bergen bekrefta smitta, 6.5.21
- Koronasituasjonen og HVL, 14.4.21
- Digital undervising heile komande veke, 9.4.21
- Studentar bekrefta smitta, 25.3.21
- Innfører nye koronatiltak, 24.3.21
- Campus i Haugesund stenger, 16.3.21
- Koronasituasjonen ved campus Stord, 16.3.21
- Koronasituasjonen i Haugesund, 10.3.21
- Campus Bergen opnar igjen, 19.2.21
- Opnar opp igjen for studentpraksis i Bergen, 12.2.21
- Jobbar med løysing for praksis ved campus Bergen, 11.2.21
- Koronasituasjonen i Bergen: Praksis i utdanningene, 8.2.21
- Informasjon om koronasituasjonen ved HVL campus Bergen, 7.2.2021
- Status koronasituasjonen HVL Førde, 27.1.21
- Studentar bekrefta smitta med covid-19 i Førde, 26.1.21
- Koronasituasjonen og HVL, 19.1.21
- Vidarefører covid-19-tiltak, 14.1.21
- Koronasituasjonen ved HVL, 6.1.21
- Inga fysisk undervisning på campus for studentar før 19. januar, 3.1.21
- Oppdatering på koronasituasjonen, 24.11.20
- Nye koronatiltak ved HVL, 6.11.20
- – Nå er situasjonen alvorlig, 5.11.20
- Trygg eksamensavvikling ved HVL, 30.10.20
- Koronasituasjonen og HVL, 28.10.20
- Tilbake til fysisk og digital undervisning ved campus Bergen, 29.9.20
- Viderefører Covid19-tiltak ved campus Bergen, 22.9.20
- Covid 19-situasjonen: Forlenger tiltak ved campus Bergen, 16.9.20
- Avlyser fysisk undervisning ved campus Bergen, 8.9.20
- Bergen kommune oppfordrer til selvpålagt karantene, 31.8.20
- Studenter bekreftet smittet med covid-19, 21.8.20