Jobbar for å sikre ein god start på studietida

Å finne seg til rette som ny student kan vere utfordrande, men tal tydar på at ein god start gjer det lettare å få venner og ha ei god studietid.

— Å vere ny student er skummelt, men eg trur det beste er å berre kaste seg ut i det og våge ta del i alt som skjer, seier Haakon Netland som nyleg flytta frå Haugesund til Sogndal for å studere ved Høgskulen på Vestlandet.

No nyt han sola i lag med to medstudentar. Dei er samde i at det å bli student er ein overgang og at det å få vener på studieplassen er noko ein tenker mykje på.

— Det er så mange ukjende fjes og det å finne “folka sine” kan vere vanskeleg, seier Herman Hansen Uglum.

Deltaking slår positivt ut

At det å få vener og skape seg eit godt nettverk på studiestaden er utfordrande for fleire, er noko tal frå Studentenes helse – og trivseslundersøkelse (SHoT) viser. I 2022 blei 169 572 norske heiltidsstudentar i Noreg og utlandet invitert til å svare på undersøkinga. 59 544 studentar svarte, noko som gir en svarprosent på 35,1. 

  • 41 % av studentane som tok del i undersøkinga svarar at dei har få eller ingen vener.
  • 29 % oppgir at dei ofte eller svært ofte saknar nokon å være saman med.
  • 20 % svarar at de ofte/svært ofte følar seg utanfor
  • 20 % svarar at de ofte/svært ofte følar seg isolert.

Lenke til rapporten og strømming av lansering av SHOT-undersøkinga, finn du i denne lenken. 

Samstundes viser undersøkinga at det å ta del i fadderordninga og det å vere aktiv i ei studentforening eller ta del anna frivillig arbeid kan gjere ting lettare. 

  • Av dei studentane som deltok i fadderordning på sitt noverande studieprogram då dei var nye studentar, hadde 33 prosent få eller ingen vener. Talet var høgare blant dei som ikkje deltok i fadderordning eller liknande. Her hadde 54 prosent få eller ingen vener.
  • Av dei studentane som var med i studentforeningar eller tok del i andre former for frivilligheit, var det 26 prosent som svarte at dei har få eller ingen vener. Talet var høgare blant dei som ikkje har deltatt i frivillig arbeid. Av desse hadde så mange som 47 prosent få eller ingen vener.

Arbeider for sikre ein god start

— Det å kjenne at ein høyrer til og har vener er viktig for å få ei god studietid. Vi veit at ein god studiestart både fagleg og sosialt spelar ein viktig rolle. Nytt i år var tydeleggjering av rolle og mandat til studiestartgrupper og faddergrupper på våre fem campus. Her har vi mellom anna sikra god samhandling og informasjon kring fagmiljøa sine planar kring oppstart. Vi skal evaluere dei heile og utvikle oss vidare, men tilbakemeldingane så langt er at studiestarten har gått veldig fint, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal.

Under studiestart settes mange krefter i sving for å gi nye studentar eit godt tilbod. Høgskulen sine tilsette, fadderordninga og dei frivillige organisasjonane losar studentane gjennom dei første vekene med ulike arrangement med sosialt og fagleg innhald.  

At studiestart og fadderordninga har gjort starten mjukare er noko dei tre studentane i sola på campus Sogndal kan skrive under på.

— Eg opplevde at mykje løsna under fadderveka. Ein får vere med på mykje og ting falt meir på plass sosialt, seier Hansen Uglum.

Viktig å ta vare på kvarandre

Mathias Hagen Skrede, som flytta til Sogndal frå Bergen, opplevde også studiestart og fadderveka som noko positivt. Han meiner HVL hadde lagt til rette for ein god, trygg start på studietida, men er oppteken av at alle har eit felles ansvar for å skape eit godt miljø rundt seg.

— Eg har lett for å komme i kontakt med andre, men eg trur det er viktig å inkludere dei som opplever det som vanskeleg. Det er mange som gruer seg til studiestart. Gå bort til dei og inkluder dei i det som skjer!

Vegvisarar for nye studentar

Frida Adeleide Hestnes Kvamme og Synne Madsen gler seg til å hjelpe andre studentar med fag. 

Det å bli student handlar ikkje berre om å det å få vener, ein må også lære å orientere seg i det som nokre gangar kan virke som ein ugjennomtrengeleg skog av nye krav, omgrep og tenkemåtar. I SHoT-undersøkinga oppgir 17 prosent av studentane at dei plages svært mykje og 31 prosent at dei plages ein del av eksamensangst.

Ei av dei som hugsar godt korleis det var å vere ny og forvirra student er Synne Madsen.

— Eg opplevde sjølv at det var mykje som var nytt og annleis enn korleis det var då eg gjekk på vidaregåande, men eg fekk hjelp av studentassistentane og då gjekk ting betre.

No har ho sjølv blitt studentassistent og ser fram til å bruke erfaringane sine til å hjelpe andre studentar. Studentassistenane har ansvaret for ulike treff for første - og andreårsstudentar. Møta har ei fagleg ramme, men inneheld også alt frå studiemestring til det å bli kjend med kvarandre.

Frida Adeleide Hestnes Kvamme, som også er studentassistent, trur ordninga med studentassistentar kan hjelpe mange med bli tryggare fagleg, men trur at det kanskje også kan vere et springbrett til å få fleire vener.

— Vi vil legge til rette for at ein kan starte gode faglege samtalar med medstudentar. Dette er noko ein lærer mykje av, men det er også ein inngang til å bli kjend med andre – eit slags “cover” som gjer det lettare å starte ein samtale.

Studietid i sola: Studentar og studentassistentar samlar seg i sola for å sjå volleyballkamp.

Eit kontinuerlig arbeid

Thomas Mikkelsen, fagansvarleg for læringsmiljø og læringsstøtte ved HVL er positiv til SHoT-undersøkinga, og meiner rapporten er med på å gi eit innblikk i korleis studentane har det og kva ein kan jobbe vidare med. Samstundes understrekar han at læringsmiljø er noko ein alltid har fokus på: 

— Det å skape eit godt læringsmiljø gjennom å sikre god studiestart, oppfølging gjennom studentassistentordninga og andre tiltak for å betre det psykososiale arbeidsmiljøet er noko vi arbeider med kvar dag, heile året. 

Ei tid der ein kan finne vener for livet

— Det å bli student handlar om å omfavne ein ny identitet og kjenne seg trygg på den, seier Gunnar Onarheim.

Han er fagansvarleg for ei “nyvinning” på HVL, fellesemne Danning og akademisk handverk som er eit innføringsemne ved nær 20 ulike utdanningar ved HVL. Emne gjev ei innføring i korleis ein kan tenke og arbeide akademisk. Allereie andre veka på studiet blir studentane satt i grupper og må presentere eigne refleksjonar og tankar med medstudentar og faglærar. Dette felles innføringsemne har eksistert i to år og tilbakemeldingane har vore positive.

SHoT-rapporten viser at omtrent halvparten av dei som har delteke i undersøkinga oppgir å ha oppled redsel for å ta ordet eller ha muntlege framlegg. Onarheim påpeiker at dette er noko innføringsemnet forsøker å hjelpe studentane med:

— Vi vil vera tidleg ute med å gje dei verktøya studentane treng for å få ei god studietid. Målet er å skape trygge rammer, slik at dei kan utfalde seg fagleg og sosialt. Det å arbeide tett i lag med medstudentar er viktig og noko av det mest betydingsfulle ein kan oppleve – her kan ein finne vener for livet.

Meir om SHoT

  • Formålet er å kartlegge studentars helse- og trivselsituasjon. Dette er Norges største studentundersøkelse om temaet.
  • Undersøkelsen blir gjennomført av Folkehelseinstituttet på oppdrag frå studentsamskipnadene SiO, Sammen og Sit.