Koronasituasjonen og HVL
HVL følgjer nasjonale råd og retningslinjer og opnar no for at tilsette frametter i større grad kan arbeide på campusane.
Do you prefer to read this article in English?
– Mange tilsette har ytra ønskje om å få arbeide meir på campusane framover. Det legg vi no til rette for. Det blir ei gradvis opning i tråd med gjenopningsplanen nasjonalt.
– Framleis legg dei nasjonale retningslinjene opp til heimekontor for alle som har høve til det, men no får vi høve til ei meir fleksibel tilnærming. Det inneber at det framover er ønskjeleg at fleire av oss er meir på arbeidsplassen sin på campus. Vi veit at dette er viktig for den enkelte av oss og arbeidsmiljøet, seier rektor Gunnar Yttri.
– Så får vi sjå kva signal vi får i neste fase av gjenopningsplanen når det gjeld dette med arbeid på heimekontor og campus inn mot hausten.
Opnar for reiser
Yttri seier òg at det i tråd med nasjonale råd og retningslinjer kan gjennomførast reiser innanlands og mellom campusane.
– Det vert opna meir opp, samstundes som vi alle må ta ansvar for å vere varsame og ta gode og gjennomtenkte val i samband med reise. Det kvilar eit individuelt ansvar på oss alle.
– Med fem campusar har vi gjort oss erfaringar om at smittetrykket kan vere ulikt, og utbrot kan komme fort og vi må setje i verk tiltak. Slike forhold høyrer til i reknestykket. Difor er det viktig at vi alle gjer oss kjent med dei eventuelle ulike lokale tiltak og forskrifter, og at reising til og frå campus i kommunar med høgt smittepress ikkje skal gjennomførast.
Forsiktig og gradvis
Når det gjeld fysiske interne møte og arrangement er det framleis ei nasjonal linje om å vere forsiktige for å unngå at for mange samlast og for unngå smittespreiing. Men i tråd med gjenopninga vil det vere høve til å gjennomføre fysiske møte på campus, også dei som samlar tilsette frå fleire campusar.
– Når vi no opnar meir opp så må vi også gjere oss erfaringar. Slik har det vore heile vegen under pandemien. Forsiktig, gradvis og i kontrollerte former. Det har vist seg å vere ei bra tilnærming.
Meir fysisk undervising
Yttri har sjølv hatt arbeidsdagar på alle campusar den siste tida. Han gler seg over at studentar finn vegen til campusane.
– Det er godt å sjå at det er meir studentar på campusane våre. Dei nye nasjonale retningslinjene opnar no for meir fysisk undervising. Samstundes er mange av studentane i sluttspurten av semesteret og midt i ein viktig eksamensperiode med mindre undervisning her og no. Likevel er det godt å sjå at mange finn glede, motivasjon og kraft i å møtast og jobbe i lag, og meir fysisk undervising vil gjere seg gjeldande og auke på. Vi kan vere stolte av å ha så mange flotte studentar.
– Elles er dei fleste eksamenane som kjend lagt opp som heimeeksamenar og praksis går som normalt.
Nye allmøte
– Så vil eg seie at det er kjekt å treffe tilsette som vender meir og meir tilbake til arbeidsplassen sin. Vi treng alle å vere del av eit godt fellesskap og arbeidsmiljø. Vi har fått til mykje digitalt, men under pandemien har vi òg fått ei sterkare forståing og oppleving av at dei fysiske møta mellom oss menneske har noko eige og viktig ved seg.
Yttri opplyser at det blir allmøte for tilsette og allmøte for studentar i midten av juni.
– Vi har gode erfaringar med å køyre allmøte digitalt. Vi vil leggje desse opp i tråd med tidlegare allmøte kor det blir informert litt om situasjonen og litt om planar for hausten og dei neste stega i gjenopningsplanen med meir, og det blir høve for spørsmål og innspel.
Aktuelle saker om pandemien ved HVL
- Vidarefører avstandskrav i undervising i Bergen, 9.9.21
- Innfører avstandskrav i undervisinga i Bergen, 30.8.21
- HVL forsterkar smittevernet, 12.8.21
- Koronasituasjonen og studiestart, 5.8.21
- Gjer klart for god studiestart, 2.7.21
- Koronasituasjonen og HVL, 28.5.21
- HVL bur seg på meir opning, 21.5.21
- Studentar ved campus Bergen bekrefta smitta, 6.5.21
- Koronasituasjonen og HVL, 14.4.21
- Digital undervising heile komande veke, 9.4.21
- Studentar bekrefta smitta, 25.3.21
- Innfører nye koronatiltak, 24.3.21
- Campus i Haugesund stenger, 16.3.21
- Koronasituasjonen ved campus Stord, 16.3.21
- Koronasituasjonen i Haugesund, 10.3.21
- Campus Bergen opnar igjen, 19.2.21
- Opnar opp igjen for studentpraksis i Bergen, 12.2.21
- Jobbar med løysing for praksis ved campus Bergen, 11.2.21
- Koronasituasjonen i Bergen: Praksis i utdanningene, 8.2.21
- Informasjon om koronasituasjonen ved HVL campus Bergen, 7.2.2021
- Status koronasituasjonen HVL Førde, 27.1.21
- Studentar bekrefta smitta med covid-19 i Førde, 26.1.21
- Koronasituasjonen og HVL, 19.1.21
- Vidarefører covid-19-tiltak, 14.1.21
- Koronasituasjonen ved HVL, 6.1.21
- Inga fysisk undervisning på campus for studentar før 19. januar, 3.1.21
- Oppdatering på koronasituasjonen, 24.11.20
- Nye koronatiltak ved HVL, 6.11.20
- – Nå er situasjonen alvorlig, 5.11.20
- Trygg eksamensavvikling ved HVL, 30.10.20
- Koronasituasjonen og HVL, 28.10.20
- Tilbake til fysisk og digital undervisning ved campus Bergen, 29.9.20
- Viderefører Covid19-tiltak ved campus Bergen, 22.9.20
- Covid 19-situasjonen: Forlenger tiltak ved campus Bergen, 16.9.20
- Avlyser fysisk undervisning ved campus Bergen, 8.9.20
- Bergen kommune oppfordrer til selvpålagt karantene, 31.8.20
- Studenter bekreftet smittet med covid-19, 21.8.20