Koronasituasjonen ved campus Bergen
Bergen kommune skjerpar smittevernstiltaka frå måndag 22. november. – Inntil vidare går aktiviteten vår i Bergen som normalt, men vi tek høgd for at ting kan endre seg framover, seier rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.
Dei nye tiltaka frå Bergen kommune påbyr munnbind i situasjonar der ein ikkje kan halde avstand. Det gjeld for kollektivtrafikk, stasjonsområde, taxi, kjøpesenter og butikkar.
– Ingen av desse tiltaka er direkte retta mot aktiviteten ved Høgskulen på Vestlandet, men vi er klare for å snu oss rundt viss det vert aktuelt, seier Yttri.
Han fortel at HVL forsterkar smittevernet og aukar merksemda. Det er mellom anna satt ut fleire stasjonar med handsprit.
– Vi er òg inne i eksamensperioden og har gjort grep der. Mange eksamenar er digitale, og skuleeksamenane er i lokale der ein kan halde avstand.
– Vi har òg lagt til rette for at studentar kan bruke eigenmelding ved sjukdom knytt til eksamen.
I den nye forskrifta til Bergen kommune ligg det og ei sterk oppmoding om å nytte munnbind innandørs på offentleg stad. Ein vert òg oppmoda til å avgrense talet på nærkontaktar, halde meir avstand til personar utanfor sin eigen husstand, droppe handhelsing og unngå å klemme andre enn sine nærmaste. Dei generelle smittevernråda som å halde seg heime når ein er sjuk og ha god hoste- og handhygiene er òg viktige å følgje.
Aktiviteten går som normalt
At aktiviteten ved campus i Bergen går som normalt, betyr at:
- Undervisinga går som planlagt
- Praksis går som planlagt
- Ferdigheitstrening går som planlagt
- Eksamen går som planlagt
- Samlingar og arrangement går som planlagt
- Tilråding om heimekontor er ikkje aktuelt no
Den lokale forskrifta i Bergen trer i kraft komande måndag 22. november og varer i fire veker fram til og med 20. desember.
Beredskapsgruppa ved HVL vil ha jamleg dialog med Bergen kommune, helseføretak og Kunnskapsdepartementet frametter.
– Vi tar som sagt høgde for at ting kan endre seg framover og at vi eventuelt må stramme inn, seier rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.