- Om nokon er nedlatande, slår eg berre i bordet med at eg er sjøkaptein

Andelen kvinner med førstekompetanse nærmar seg raskt nivået til menn i akademia, men framleis vel begge kjønn tradisjonelt når det gjeld fag. Margareta Holtensdotter Lützhöft er eit unnatak.

Margareta hadde vore til sjøs i ti år då ho bestemte seg for å gå i land og studere kognitiv vitskap. Ho hadde styrt digre containerskip og tankskip rundt om på verdshava. Gjennom lange periodar til sjøs jobba ho med eit mannskap på 10-15 personar. Dei var avhengige av å kunne samarbeide tett og leve med kvarandre i månadsvis av gongen og hadde knapt kontakt med folk på land. Dermed blei det som eit lite parallellunivers, og då ho reiste heim igjen etterpå, merka ho at den vanlege verda kjentest framand.

Slik tok Margareta til å interessere seg for korleis menneskehjernen verka. Kva påverkar oppfatningane våre av omverda? Korleis tek vi avgjerder, og kva har dette å seie for til dømes tryggleiken til havs? Ho ville fordjupe seg i slike spørsmål, gå inn i akademia.

Dessverre mangla den høgt rangerte sjøkapteinen nokre formelle kvalifikasjonar innan matematikk som trongst for å komme inn på studiet. Men Margareta let seg ikkje stoppe av slikt.

–  På telefon med programleiaren, forklarte eg at eg hadde ein annan matematikk. Eg har jo lært meg å navigere etter stjernene, og det er det ikkje mange som kan! seier Margareta.

– Dermed kom eg inn likevel. Sidan fekk eg streve med den matematikken – den var vanskeleg som berre det. Men det gjekk.

Å sjå sin eigen verdi

Det er ikkje første gongen professoren i nautikk har våga å tru på seg sjølv, også når andre rundt henne ikkje gjorde det. Då ho mange år tidlegare søkte seg inn på sjøbefalskulen for å lære navigasjon, kom ho i første runde ikkje inn. Då møtte ho berre opp på første studiedag likevel, ei einsleg kvinne blant dei mannlege studentane, og bad om ikkje ho kunne få ein reserveplass. Det var sikkert nokon som kom til å hoppe av studiet undervegs, argumenterte Margareta.

– Det skjedde ikkje. Men eg fekk bli! Du får ingenting om du ikkje torer å spørje.

Margareta har sin eigen matematikk, og den måten å tenkje på er verdt å herme etter. På 8. mars er dette den viktigaste bodskapen hennar: Kvinner treng å sjå sin eigen verdi mykje tydelegare. Særleg i møte med ei verd som i mange samanhengar har mindre tru på dei enn på menn.

Innanfor nautikken er det på verdsbasis framleis berre 1,2 prosent av sjøoffiserar som er kvinner. Innanfor akademia i Noreg ser det heldigvis mykje lysare ut.

– HVL har ein kvinneandel i gruppa professorar på 52 prosent og er såleis heilt i toppsjiktet i sektoren. Det er ein auke på 11 prosent berre sidan 2018, seier Siren Erichsen, saksansvarleg for likestilling i Avdeling for HR.

Universitetsambisjonen og bygginga av førstkompetanse som følge av den, er noko av årsaka til hoppet. Samstundes påpeiker ho at dei gode tala også heng saman med at dei største faga ved HVL, som lærar og sjukepleie, er kvinnedominerte. Og framleis vel kjønna tradisjonelt:

- Fakultetet for helse- og sosialvitskap har ein kvinneandel på 83 prosent i undervisnings- og forskarstillingar. På Fakultet for ingeniør- og naturvitskap er derimot kvinneandelen nede i 33 prosent, seier Erichsen.

- Dette er ei spegling av tradisjonelle kjønnsrollemønster i samfunnet, og ikkje overraskande.

Slapp ikkje om bord att etter ein festkveld

Så korleis har det vore å vere ein kvinneleg sjømann? Margareta trur det har prega veremåten hennar, mellom anna ved at ho har vore lite oppdatert på visse sider av den feminine verda. Ho er ikkje oppteken av utsjånad. Lasting og lossing, derimot, har vore ein lidenskap – kva skal av og på i kva hamn, og korleis planlegge logistikken kring dette på beste vis?

- Eg fekk høyre at eg var sein til å ta avgjerder i dei samanhengane. Eg ville sjå føre meg alle konsekvensar, seier ho.

- Miljøet til sjøs lærte meg til å vere rask, bestemt og handlingskraftig. Samstundes kunne eg tilføre mennene noko dei ofte mangla. Eg var ikkje redd for å be om hjelp, og eg håpar den haldninga smitta litt over på dei. Menn trur ofte dei må klare alt sjølve. Men visse saker er tunge og kompliserte. Du skal ikkje gjere dei aleine.

Samstundes har det vore ubehagelege episodar, og Margareta hugsar dei godt. Ein mann bad henne vere med ned i kahytten, og grunngav det med at ho uansett var ei kvinne, så det var bortkasta å ikkje dra nytte av det. Ein annan gong hadde ho for ein sjeldan gongs skuld sminka seg og kledd seg i miniskjørt, og gått i land med dei andre kollegaene for å ha ein kveld ute i ein hamneby ved St. Lawrence River i Canada, der dei låg fortøygd. Då ville ikkje tryggleikskontrollen sleppe henne om bord igjen på natta – dei nekta å tru på at ho var overstyrmann.

Elles har Margareta også møtt ein god del machomenn som meinte at ho burde gå i land og gifte seg. Ho har ikkje høyrt på nokon av dei. Nye mannlege kollegaer om bord har tidvis vore overraska over at ho faktisk kunne gjere ein god jobb som kaptein, andre har kalla henne «dear» eller «darling» mens ho prøvde å utføre jobben sin.

- Då sa eg berre: Det der kan du kalle kona di, men ikkje meg. Det tek litt tid å greie å seie ifrå på slike måtar, men etter kvart klarer du det, seier ho.

- Du må hoppe, så stole på at det går bra

Foreldra til Margareta var eventyrarar og kokkar, og i eit par år dreiv familien restaurant i Portugal. På grunn av revolusjonen i 1974 måtte dei reise derifrå, og dei tok til å drive eit vertshus i ein gammal prestegard i Värmland. Sidan har ho flytta med familien frå stad til stad i Sverige, og i dag har ho ikkje nokon kontakt med folk ho voks opp med.

– Eg fekk ikkje tid til å forme varige venskap og var eit ganske inneslutta barn, levde mest inne i mitt eige hovud, seier ho.

Sidan følgde ho same vegen som foreldra og blei kokk om bord på ei passasjerferje i Østersjøen. Men Margareta tok snart til å lengte opp til brua, der ho såg dei som styrte båten. Det såg mykje artigare ut, tenkte ho, dermed bad ho om å få jobbe gratis som dekkselev om bord på ein liten lastebåt. Sidan beit seg ho seg fast inntil ho fekk jobb.

– Du må berre hoppe, sidan stole på at det går bra. Det er jo berre dette livet vi har!

Det rotlause tilværet frå barndommen har følgd henne inn i vaksenlivet – ikkje berre i sjømannsperioden, men også i dei to tiåra som akademikar. Ho har jobba på universitet i Göteborg, Kina og Australia. Men til forskjell frå barndommen, har ho gjennom karrieren klart å halde fast i ein trufast handfull med nære vener og kollegaer.

– Margareta samlar på gode menneske som tilfeldigvis er sjukt flinke. Det er noko av det som gjer henne så dyktig – kor god ho er til å bygge nettverk og bry seg om andre menneske, seier kollegaen Johanne Marie Trovåg.

– Det blir aldri berre ein reint fagleg relasjon, men ein personleg ein også. Ho stiller høge faglege krav, men gjer det med ein form for omsorg som løftar alle ho kjem i kontakt med.

Såpass personleg blir relasjonen at kvar einaste doktorgradsstudent ho rettleier, får tildelt eit fuglenamn av Margareta.

  • Ein fekk namnet Emu (går aldri bakover, berre framover)
  • Ein blei Ugla (var stille, men tenkte mykje)
  • Ein blei Ravn (dreiv med cybertryggleik)

Å vere ein T-forma person

Her er vi tilbake til dette med å verdsette fellesskapen – tore å støtte seg på andre, og late dei støtte seg på deg: den lærdommen Margareta følte ho tilførte sjømannsverda. Kompliserte prosjekt bør ikkje utførast på eigenhand. Ta til dømes OCEAN, EU-prosjektet leia av fagmiljøet ved Institutt for maritime studium – der jobbar dei på tvers av mange disiplinar for å løyse dei største utfordringane innan skipsfarten i dag, farane for kollisjonar med objekt eller kvalar.

– Eg har sett eit skilje mellom den maskuline og feminine måten å vere på i akademia. Kvinner tek ofte meir støttande roller som rettleiarar, mens menn gjerne jobbar meir individuelt og publiserer. Eg ligg ein plass midt imellom, seier Margareta.

– Men på instituttet vårt kjenner eg at det finst ein skugge av sjømannsettet å vere på i mange av oss. Alle hjelper alle.

Erik Styhr Pedersen, leiar for OCEAN-prosjektet, har jobba med Margareta i godt tjue år. Han seier det er ei blanding av fagleg tryggleik og audmjukheit som pregar hennar måte å jobbe på.

– Margareta er ein T-forma person. Ho er svært trygg i faget sitt (den loddrette streken i T-en), men samstundes parat til å sjå ting i eit nytt lys (den horisontale streken). Ho har rom for andre folks måtar å sjå tinga på, seier han.

– Nokre folk som er veldig dyktige, blir også veldig rigide. Slik er ho ikkje. Ho held fram med å vere søkande og open for impulsar, og det er utruleg viktig for ein i hennar posisjon.

Vikingbryllaupet i fjor sommar

Sjølv om kollegaene meiner at Margareta slett ikkje har spisse olbogar, seier ho under samtalen ein og annan ting som tydar på at ho likevel kan bite frå seg når det trengst. I ei bi-setning nemnar ho at om ho kjem over mann som ustrålar at kvinner ikkje høyrer heime i høge stillingar i akademia, passer ho på å seie ifrå at ho faktisk er sjøkaptein. Vipps har ho skaffa seg den respekten ho treng.

For nyleg hadde ho og ektemannen Vidar Solaas planlagt å flytte eit kombinert kjøle- og fryseskap, og han hadde tilkalla far sin for at dei to mennene skulle bere det i fellesskap. Men då dei kom inn i rommet, hadde Margareta alt flytta det aleine.

– Ho er ein tøffing og eit råskinn. Har ho bestemt seg for noko, så blir det sånn! seier han.

Dei møttest for to år sidan. Første gongen han tok henne med for å møte foreldra sine, såg Margareta begeistra ut av vindauget deira mot Karmsundet. «Den utsikta skal eg også ha,» erklærte ho då, og ikkje lenge etter hadde ho kjøpt eit renoveringsobjekt frå 1964 ikkje særleg langt unna. I dag bur paret der saman, i lag med fire kattar (ofte synlege som raskt passerande skuggar framfor ruta hennar i Teams-møte). Margareta kan dagleg følgje med på skipstrafikken i sundet, noko som gler henne stort.

– Her blir eg frå no av. Det er den beste av alle verder! seier ho.

Bryllaupet fann stad i fjor sommar, og det blei ikkje småtteri. Margareta hadde lagt merke til at det skulle vere vikingfestival og rikssamlingsjubileum på Karmøy med ikkje mindre enn 10-12 langskip til stades. Så kvifor ikkje organisere eit ekte vikingbryllaup? Ho prata med kompisen Arne-Christian Mohn (ordføraren i Haugesund), og dermed blei det noko av. Du får jo ingenting om du ikkje torer å spørje, som Margareta bruker å seie.

– Eg sydde bryllaupskleda til brudgommen – fullt vikingkostyme, seier ho.

– Men kanskje du ikkje skal skrive akkurat det, at eg har teke opp syinga igjen. Eg vil jo verke så tøff!