
Jobbar for å forme framtidas sjukepleiarar
Han brenn for å utdanne gode, trygge og kunnskapsrike profesjonsutøvarar. Møt Lars Kyte, legen, forskaren, og undervisaren som nyleg har fått opprykk til dosent ved Høgskulen på Vestlandet.
Kyte sitt overordna prosjekt er nettopp å skape trygge og inspirerande læringsmiljø for sjukepleiarstudentane våre.
- Dei må få vite at ingen spørsmål er for dumme. Dei må tørre å ta plass for å kunne få svar på alt dei lurer på, og då må vi passe på å legge til rette for dette på ein god måte.
– Vi må ta dei på alvor, vise at vi er til stades, og at eksamen er minst like viktig for oss som for dei, seier Kyte.
Studentane si læring i fokus
Han pratar med ei inspirerande ro over seg, men samstundes skin engasjementet hans for studentane gjennom. Mannen som saman med ein kollega har laga video av korleis sjukepleiestudentane i Førde finn fram til kontora deira, er tydeleg på at studentane er det viktigaste vi har ved HVL.
– Vi har eit stort ansvar for dei, og ein del av dette er å følgje dei tett opp. At studentane veit kor dei kan finne oss, og at vi gjer oss tilgjengelege for dei, er minst like viktig som god undervisning, seier Kyte.
Legen, forskaren og undervisaren Lars Kyte arbeidde i mange år i klinisk praksis, først i allmennpraksis og sidan innan nevrologi, mellom anna på nevrologisk avdeling ved sjukehuset i Førde. –Eg har alltid vore oppteken av læring, og mens eg arbeidde på sjukehuset hadde eg nokre gongar undervisning for sjukepleiarar i vidareutdanning. Dette var noko eg likte godt.
Det vart meir faste rammer for undervisninga då han vart tilsett ved Høgskulen Sogn og Fjordane i 2004. Kyte arbeider på Fakultet for helse og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap og er til dagleg å finne ved fagseksjon for bachelor i sjukepleie på campus Førde. Der underviser han i medisinske og naturvitskaplege emne ved bachelorutdanninga i sjukepleie. Han underviser også ved master i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i klinisk sjukepleie.
Lars Kyte underviser til dagleg sjukepleiarstudentane ved campus Førde.
Forskarkarrieren starta i 2007 med ei større kartlegging av medisinske og naturvitskaplege emne i sjukepleiarutdanninga i Noreg, og ei studie om korleis sjukepleiarar oppfatta betydninga av dei medisinsk-naturvitskaplege emna i deira yrkespraksis. Dette arbeidet heldt fram til 2011.
–Korleis ein integrerte desse faga i sjukepleie blei svært viktig i det vidare arbeidet med læringsmetodar og læringsmiljø, seier Kyte.
Fokus på heile mennesket i helsetenesta
Den nyslåtte dosenten er også oppteken av og har forska på omsorg, samhandling og kvalitet i helsetenestene.
–At vi klarer å sjå pasientane våre som noko meir enn ein diagnose og med større fokus på heile mennesket, har vore viktig for meg. Det er lett for at økonomi vert for styrande i helsetenesta vår, det såg eg også i arbeidet mitt som lege. Når ein oftare og oftare kom borti ord som «pasientproduksjon», då kan ein vel seie at vi har mista noko på vegen i arbeidet med menneska som treng medisinsk fagleg hjelp, seier han.
Kyte har også forska på «previsitten», skrive to mindre bøker om fysiologi og anatomi, og skrive eit bokkapittel om klinisk undersøkingsteknikk for sjukepleiarar. Sistnemnte har det tidlegare vore skrive mykje om med fokus på legar, men det er første gong det har vore gjort i bokform på norsk til sjukepleiarar.
Slår eit slag for samarbeid på tvers av fag
– Dei uformelle kanalane våre er også utruleg viktige, framhevar Kyte. Vi må vere open for at idear til forsking kan oppstå i heilt daglegdagse situasjonar. Over matpakka i lunsjen, der ein pratar om laust og fast, gjerne med folk frå andre fagfelt og annan bakgrunn enn din eigen. Der kan ein verte bevisst samanhengar mellom fagfelta våre som kanskje ikkje hadde vorte like tydelege for oss i dei meir formelle settingane.
– Det er så ufatteleg mykje verdi i det å snakke om faget sitt på tvers av felta våre. Mange av forskingsprosjekta eg har delteke i, har oppstått i uformelle situasjonar, mellom anna i samarbeid med ingeniørane her i Førde. Vi såg at vi stod overfor mange av dei same utfordringane i undervisningssituasjonen, og då kunne vi både forske saman og dra nytte av kvarandre sine erfaringar i undervisninga. Det har vore viktig for meg, seier han.
Kyte er også med i eit prosjekt der målet er å undersøke studentane si tryggleik og trivsel i utdanninga, eigentleg studentane sitt læringsmiljø. Dei har samla inn data, og begynner med analysane no.
– Det viktigaste vi gjer er å ta vare på kvarandre. Det gjeld også studentane i deira læring, og då er læringsmiljø heilt essensielt, avsluttar Kyte.