Lyser ut sju spennande stillingar i toppleiinga

I dag ga HVL-styret grønt lys og god tilbakemelding på innretning og innhald for dei sju leiarstillingane som no vert lyst ut.

Denne våren skal HVL tilsetja tre prorektorar og fire dekanar i nye åremålsstillingar, gjeldande frå 1. august og fire år framover.

Dekanar og prorektorar inngår i rektor Gunnar Yttri si leiargruppe og blir den nye toppleiinga ved HVL.

Styret var samstemt i at stillingsomtalene var gode, offensive og godt gjennomarbeidde.

- Vi er godt nøgde med arbeidet. Vi siktar høgt og ønskjer oss mange søkjarar. Dette er attraktive jobbar, seier styreleiar Arvid Hallén.

Meir om arbeidslivsprofilen

Han fortel at styret ga nokre innspel som skal innarbeidast i stillingomtalene.

- Det handla mellom anna om å tydeleggjere arbeidslivsprofilen og samspelet med omgjevnadene våre, og vi ønskjer å løfta fram satsinga vår på berekraft.

Mangfald og strategisk leiarskap var og moment som ein ønskte å skrive klårare inn i stillingsomtalane. Styret var og tydeleg på at ein ønskjer å nå ein brei søkjarmasse.

Dei sju toppleiarstillingane vert publisert no til helga og søknadsfrist er 28. februar. Ein tek sikte på å tilsetja i styremøtet 22. april.

Liste over ledige stillingar ved HVL.

Nye masterutdanningar 

På dagens styremøte kom tre nye mastertilbod innan helse- og sosialfag på plass.

- Desse utdanningane viser at vi får til mykje i fagmiljøa våre. Vi møter behova i samfunnet rundt oss på ein god måte. Utdanningane er fleksible og vert tilbydd breitt og langs heile Vestlandet. Dette var ein gladsak å handsama i styret.

Planverk tar form

På styrets bord var og årsplan for 2021.

- Arbeidet med plan og verksemdsstyring tar god form. Vi er ein stor og kompleks organisasjon. Styret er nøgd med at vi utviklar planverket vårt år for år, og ting heng godt saman. 

- Gjennom dette får vi eit samla og heilskapleg blikk på verksemda vår. Det er heilt naudsynt for å få kraft og retning til dei strategiske satsingane våre, og det gir oss høve til å prioritere ressursane våre best mogleg.

Årsplanen vert no tatt vidare i dei ulike einingane i HVL som skal utvikle eigne handlingsplanar.

Føresetnad for fleire mål

Internasjonaliseringsmeldinga fekk og ros frå styret.

- Styret ser at det vert jobba målretta med internasjonalisering. Det er sett høge mål og meldinga går særleg inn på studentutveksling, internasjonalisering heime og internasjonalt samarbeid.

- Pandemien har ført til stans i delar av dette arbeidet, men også opna for at fleire spennande digitale grep vert prøvd ut.

- Styret ser auka internasjonalisering som ein føresetnad for fleire av dei sentrale måla våre, og vil følgje utviklinga nøye, seier Hallén.