No er namnet klart

Høgskulestyret har einstemmig vedtatt at Universitetet på Vestlandet skal bli namnet på det nye universitetet.

– Det er vanleg å gi barnet eit namn i god tid før konfirmasjonen, sa rektor Gunnar Yttri om dagens viktigaste sak på styremøtet på campus Stord.

Yttri innleia med å seie at det er svært mange gode grunnar til å innstille på namnet Universitetet på Vestlandet. Namnet er samlande, dekkande og bygger vidare på ein identitet som er skapt over tid. Namnet gir også ein kontinuitet frå dagens namn.

Ein god prosess

Høgskulen på Vestlandet siktar mot å sende inn søknaden om universitetsakkreditering i 2023. Reint formelt er det regjeringa og Kongen i statsråd som avgjer namnet, når HVL får godkjent universitetssøknaden sin. I denne søknaden skal det nye namnet ligge.

– Det har vore ein god og viktig prosess, og arbeidsgruppa har gjort ein solid jobb, sa styreleiar Arvid Hallén i møtet.

Jobbar med engelsk namn

Styremedlem Alexander Papas kommenterte Språkrådet si tilbakemelding om at Universitetet på Vestlandet monopoliserer omgrepet Vestlandet.

– Men det skulle berre mangle. Vi er til stades over heile Vestlandet, og skal fortsette å vere det, sa han.

Styreleiaren var heilt einig.

– Vi har fem campusar over heile Vestlandet, så eg er einig i at det berre skulle mangle, sa Hallén, før eit samla styre vedtok namnet og tok ein felles applaus.

Arbeidet med eit engelsk namn, domene og kortform av universitetsnamnet held fram, og vil bli presentert for styret til hausten.

Her kan du lese styresaka.