Ny bachelor i nautikk med integrert praksis er endeleg i hamn!

Frå hausten tilbyr Høgskulen på Vestlandet som første utdanningsinstitusjon i Noreg bachelorgrad i nautikk der praksis er ein integrert del av i utdanninga. Det nye utdanninga er eit pilotprosjekt som skal sikre eit meir heilskapleg utdanningsløp.

– Dette fjernar ein del usikkerheit og gjer at du kan kjenne deg trygg på at du er kvalifisert og klar for arbeid på sjøen når du er ferdig med bachelorgraden, fortel Johanne Marie Trovåg, leiar for Institutt for maritime studium ved Høgskulen på Vestlandet.

Tida der studentar som har fullført bachelorgrad i nautikk sjølv har måtte sikre seg praksisplass er altså over. No vil ein gå ut frå studiet med dekksoffisersertifikat klasse 3. og vere kvalifisert til å arbeide som ansvarshavande vaktoffiser eller overstyrmann på skip.

Når du har fullført den fireårige bachelorgraden i nautikk kan du søke styrmannsjobb om bord på båt. Du er også kvalifisert til å søke relevante jobbar på land, for eksempel i reiarlag, alle typar maritime verksemder, klassifikasjonsselskap eller Sjøfartsdirektoratet, for å nemne noko.

Ei strabasiøs ferd, men no er vi framme!

Det er eit aukande behov for sjøfolk i Norge, og det har vore arbeida lenge med å utarbeide og få godkjent den nye fireårige utdanninga. Av dei fire samarbeidande utdanningsinstitusjonane som tilbyr høgare utdanning for sjøoffiserar, nemleg UIT Norges arktiske universitet, NTNU Ålesund, Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskolen på Vestlandet, var det Høgskulen på Vestlandet som fekk ansvaret for å køyre pilotprosjektet.

– Vi har god kontakt med ulike reiarlag og trudde vi skulle greie å sikre 25 praksisplassar, men så enda vi opp med 38 plassar fordelt på 10 reiarlag. Det er heilt magisk, ler Trovåg som er glad for å sjå positiviteten i næringa. Planen er å på sikt tilby den fireårige integrerte bachelorgraden ved alle dei fire utdanningsinstitusjonane.

Reiarlag som tilbyr praksisplass: Solstad Offshore, Østensjø Rederi, Knutsen Group, DOF, Simon Møkster Shipping, Rødne Fjord Cruise, Eidesvik Offshore, Odfjell, Sølvtrans og Color Line.

Etterlengta studietilbod

Ønskje om å gjere praksis til ein meir gjennomarbeida del av studiet finn ein ikkje berre hjå reiarlaga, men også blant studentar. Ei spørjeundersøking blant studentar og tidlegare studentar viste at ni av ti meinte kvaliteten på utdanninga vil bli betre med praksis som ein del av studiet.

– Dette pilotprosjektet er ein viktig milepåle, men vi stoppar ikkje opp! Vi er opptekne av å sjå på andre måtar å styrke utdanninga, blant anna gjennom å vidareutvikle tilbodet om simulatortrening som allereie er ein populær og viktig del av utdanninga.

Skal tilby verdens beste simulatorutdanning

Sidan desember 2019 har Institutt for Maritime Studier vore en del av COAST som står for Centre of Excellence i Maritime Simulator Training and Assessment. Dei arbeider med å tilby verdens beste simulatorutdanning for maritime studentar. Målet er å tilby studentar enda meir realistisk opplæring og ser at dette ikkje berre er nyttig, men at studentane har det gøy under desse øvingane.

simulatorsenter_nautikk.jpg

Gøy-faktoren var auka då nautikkstudentane fekk tilbod om å sjølv utvikle scenario ein kan kome opp i når ein er ute på sjøen i det som vert kanna «evening exercises». Her kan du lese meir om kva studentane sjølve meiner om simulatortrening. Øvingane er spennande samstundes som ein lærer mykje fordi studentane får teste ut teoriane, noko Trovåg er oppteken av:

– Det er viktig at nautikkutdanninga førebur studentar på det som venter dei. Det å sjå samanhengen mellom teori og praksis er avgjerande, og då må ein øve seg på det som kan skje når ein er ute på havet. Og kor er det vel betre å gjere feil, enn i trygge omgivnadar i simulatorsenteret.