Opnar opp igjen for praksis i Bergen

Frå måndag 15. februar vil studentar ved campus Bergen få koma tilbake i praksis igjen.

– Det er fint at dette no er på plass og at aktuelle studentar, praksisfelt og me som høgskule får dette avklart no før helga. Det har vore jobba godt og alle partar har vore løysingsorienterte.

– Ein takk óg til studentane våre som har vore tolmodige, seier rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.

God løysing

I føremiddag deltok han på eit møte med Bergen kommune, Statsforvaltaren og Helsedirektoratet, i tilegg til andre utdanningsinstitusjonar i Bergen og Utdanningsdirektoratet. Her blei ting avklart.

– I går fekk me ei god avklaring frå Kunnskapsdepartementet, og i dag har me fått på plass ei god løysing i lag med Bergen kommune.

Ein ressurs i pandemien

Yttri er glad for signala om studentpraksis som no kjem frå styresmaktene.

– Denne saka viser at studentar er ein kraft og viktig ressurs for samfunnet vårt sjølv i ein pandemi. Og denne forståinga og linja gjeld for heile landet. 

– Det er tydeleg slått fast at studentpraksis, så langt det er mogleg, skal gjennomførast sjølv i periodar med svært strenge smittevernstiltak.

– Det vert understreka at studentane våre ikkje skal bli forsinka i sine studiar.

Meir informasjon i Canvas

Yttri er óg nøgd med tydeleggjeringa som slår fast at studentar i praksis under ein pandemi er omfatta av det same lovverket og dei same vurderingane knytt til nasjonale smittevernstiltak som dei øvrige tilsette på praksisstaden.

– Reiser til og frå praksisstaden er og rekna som nødvendig arbeidsreise.

Yttri seier at studentar vil få meir informasjon i Canvas.

Sjølv om praksis opnar opp igjen vil campus Bergen framleis vera stengt kommande veke. 

– Me vil leggja til rette for at studentar kan få tilgong til bokskapa sine på campus. Me vil informere meir konkret om dette over helga.

– Det vil óg bli vurdert om det kan bli opning for noko ferdigheitstrening på campus Bergen. Det vil vi koma tilbake til.

Sjå pressemelding frå Bergen kommune 

Informasjon om koronatiltak ved HVL