Kunstig intelligens i lærarutdanninga ved HVL

Høgskulen på Vestlandet har det siste året prøvd ut ein pratemotor som bringar kunstig intelligens inn i studiekvardagen til lærarstudentane.

Kunstig intelligens i klasserommet 

KI pregar utdanningssektoren i stor grad og er på full fart inn i klasseromma. Eivind Rogne og Jan Erik Ølmheim som jobbar med pedagogikk, entreprenørskap, digital kompetanse og fleksibel læring ved HVL understrekar kor viktig det er at komande lærarar får solid erfaring med pratemotorar, og korleis desse responderer. 

– I utdanninga snakkar ein jo om kunstig intelligens, men det skal jo handterast ute i klasseromma, seier Rogne.

Jan Erik Ølmheim og Eivind Rogne frå HVL saman med Øyvind Heimset Larsen i IT-forum Vest utforskar korleis KI kan brukast som eit pedagogisk verktøy i klasserommet, der teknologien allereie har fått innpass. Foto: Idun A. Husabø Vestlandsforsking.  

Lærarar melder at det er relativt oversiktleg kva elevane brukar KI til i grunnskulen, samanlikna med høgare utdanning der det er eit meir komplekst bilde og variert bruk, som er skildra i denne artikkelen på Forskning.no frå 2023.   

Sparre med Sokrates 

Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med IT-Forum Vest testa ut ein spesialtilpassa pratemotor for å integrere teknologien i lærarutdanninga.
150 studentar som har valt emne Utdanning i profesjonsfaglig digital kompetanse for lærere (PfDK) i det femte semesteret på grunnskulelærarutdanning, eller tek vidareutdanning i PfDK for lærarar i Sogndal, har vore med på utprøvinga av digitale hjelparar dette studieåret.

Studentane kan velje mellom ulike robotar som gir forskjellig typar hjelp. Nokre botar gir direkte svar, medan andre, som den sokratiske pratemotoren, utfordrar studentane med motspørsmål for å stimulere tenking. Gjennom dette bringer dei KI inn i studentane sin daglege studiekvardag.

Vi jobbar for at komande lærarar får eit grunnlag for å ta verktøyet i bruk der det er gunstig for læringsprosessen.

Ølmheim og Rogne  

Spillpedagog og rådgivar Odin Nøsen er tilsett i ein bistilling ved HVL og har utvikla det breie spekteret av pratemotorar. – Vi hadde ikkje fått dette til utan hans bidrag, seier Jan Erik Ølmheim, som jobbar med nettundervisning, utvikling av nye nettkurs og HVL sitt heildigitale studium. 

KI som læringspartnar i samfunnsfag  

Kristian Andersen jobbar som lærar Ortun ungdomsskule i Bergen og tek vidareutdanningsemne PfDK. Han testa KI med sine 14-årige elevar i 9. klasse, spesifikt innan samfunnsfag. 


Ei av oppgåvene i emne er at studentane skal teste ut ein metode med innovativ tilnærming til læring. Kristian Andersen kunne gjennomført oppgåva direkte i klasserommet med sine eigne elevar. 

Prosjektet involverte to grupper med 14-åringar der tema var ideologiar som fascisme og kommunisme. Elevane brukte KI for å finne gode og enkle forklaringar på desse konsepta, og døme som gjorde det lettare å forstå dei. 

- Eg ba elevane om å stille gode spørsmål til KI og reflektere over svara dei fekk. For eksempel, viss dei søkte opp "Kva er fascisme?" på internett, kunne svaret vere komplisert og lite tilpassa deira forståingsnivå. Ved å bruke KI, blei dei utfordra til å finne svara sjølve og forstå omgrepa på ein djupare måte. 

Mange elevar skreiv i refleksjonane sine at dei no fekk svar som dei forstod betre. Dei lærte å sjå på KI som ein læringspartner som kunne hjelpe til dei verkeleg forstod omgrepa. Eg ønskte at elevane skulle få ein aha-oppleving i prosessen. Dei spør ofte om eg kan forklare ting på ein annan måte, og gjennom denne konkrete oppgåva forsto dei verdien av KI som ein sparringspartnar som er flink til å utfordre dei. Omtrent som ein digital versjon av Sokrates. 

Starta i skulen før inntoget av PC 

Kristian har jobba som lærar i 21 år og har alltid vore open for nye teknologiar. Sjølv om han starta både lærarutdanninga og jobben i skulen før PC var vanleg i klasserommet, har han alltid halde seg oppdatert for å kunne gi den beste undervisninga som mogleg. I samband med studieprosjektet gjennom vidareutdanninga på HVL har eg samla inn elevrefleksjonar og sendt dei inn som ein del av prosjektoppgåva. Det blei også utarbeida ein analyse med oppsummering av elevane sine refleksjonar og deira læringsprosess.  

No skal Kristian presentere prosjektet for andre lærarar på Ortun ungdomsskule i Fyllingsdalen. 

- Målet er å vise korleis KI er ei moglegheit, ikkje ein trussel i undervisninga. Eg trur at KI, når det blir brukt riktig, kan vere ein svært nyttig ressurs for både lærarar og elevar. Eg håpar fleire vil integrere desse verktøya som ein naturleg del av undervisninga, seier han.  

Annika utforskar pensum  


Annika Daly er student på 3-året på grunnskulelærarutdanninga (GLU) med fordjuping i digital kompetanse og hovudfag i engelsk ved campus Bergen.  

Dette studieåret har ho testa pratmotoren “GLU-boten" som skal hjelpe studentar med ulike spørsmål knytt til studiane.  – Boten kan gi visuelle eksempel og hjelpe til med ordlegging, noko som er svært nyttig for læringsprosessen, seier Annika.  

Annika har tilgang til både programmet for digital kompetanse (PFDK) og GLU-boten. Ho har brukt litt tid å finne ut av kva modell som gir riktig informasjon.

- Eg spurde boten om ei mappeevaluering eg arbeider med, og fekk veldig utfyllande svar. Oppgåva er open og egentlig litt uklart forklart, men boten ga nyttige råd om kva ho kan innehalde og kva som bør vektleggjast i vurderinga. Dette var særleg nyttig då oppgåva inkluderer fire mappeelement som skal leverast i løpet av semesteret, som digital forteljing og video. 

Boten er òg til hjelp med pensumrelaterte spørsmål ved å spørje om informasjon om eit bestemt tema. Eg fann til dømes informasjon i boka "Det digitale klasserommet" om skrive- og leseopplæring. Dette ga meg ein god peikepinn på kor eg kunne finne spesifikk informasjon når eg skal skrive om dette. 

Eg trur denne typen teknologi kan hjelpe studentar med å avklare oppgåver og forstå kva som forventast i vurderingane. Det er ikkje alltid professorane har tid til å forklare dette for studentane.   

Storfint besøk av KI-guru Sarah Newman  

Sarah Newman kjem til Sogndal og skal halde eit foredrag i Storesalen i Sogndal kulturhus 9. september 2025. Her vil ho diskutere korleis nye teknologiar endrar læringsmetodar.

Ved ein internasjonal konferanse i Spania i 2023 fekk Jan Erik Ølmheim og Eivind Rogne høve til å invitere den verdskjente forskaren. Newman er ekspert på KI og utdanning, og undersøker korleis nye teknologiar inneheld og speglar historiske sosiale og etiske utfordringar.

Besøket til Newman inngår i HVL og IT-Forum Vest si større satsing på tverrfagleg samarbeid innan IKT og undervisning. – Ambisjonen er å bruke arrangementet til å styrke HVL si rekruttering til pedagogutdanningar, seier Ølmheim og Rogne.