Informasjon om koronasituasjonen ved HVL campus Bergen

Regjeringa har innført strenge smittevernstiltak for Bergen kommune. Campus Bergen er stengt for studentar og undervisninga vil gå digitalt fram til og med søndag 14. februar 2021.

Do you prefer to read this article in English?

I dag, søndag 7. februar, har Regjeringa vedteke nye forsterka smittevernstiltak for Bergen kommune og fleire kommunar rundt Bergen.

Dette for å få oversikt over situasjonen knytt til utbrotet av den engelske og sørafrikanske varianten av koronaviruset.

På bakgrunn av dette gjeld følgjande ved HVL campus Bergen frå søndag 7. februar til og med søndag 14. februar:

  • Campus Bergen er stengt for studentar. All undervisning vil gå digitalt. Bibliotek og lesesalar er ikkje opne for studentar.

  • Det vil ikkje bli gjennomført ferdigheitstrening og laboratorieøvingar ved campus Bergen.

  • All praksis vert gjennomført som planlagt, så lenge studentane ikkje får annan beskjed fra den enkelte praksisstad og/eller kommune. Meir info om praksis; helse- og sosialfag - lærarutdaning, kultur og idrett
  • Alle tilsette ved campus Bergen som kan arbeide heimanfrå skal gjere det.

HVL ber studentar og tilsette om å følje reiseråda til styresmaktene, som oppmodar alle som oppheld seg i område med høgt smittetrykk om å ikkje reise ut av kommunen dei er i med mindre det er strengt nødvendig.

Reise til praksisstad er å rekna som ei nødvendig reise.

Reise til annan campus i HVL for å følgje undervisning bør unngåast fram til og med søndag 14. februar. 

Finn gode løysingar

- Me står i ein krevjande situasjon, men me er godt rusta til å handtera dette.

- Me har jobba godt i lag i heile koronapandemien. Ting skiftar raskt og me snur oss rundt og tilpassar oss. Det skal me klare no også. Me finn gode løysingar som tek i vare studentar og tilsette, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

Hald deg oppdatert

Han seier at det vil koma meir detaljar kring situasjonen for campus Bergen kommande veke.

- Då veit me meir om tiltaka blir forlenga. Så må vi sjå nærmare på dei viktige tilboda som bibliotek, behov for tilgong til bokskap og meir.

- Viktigast er at studentar held seg godt oppdatert i Canvas og i timeplanen. Tilsette får informasjon på intranettet Vestibylen og hjå leiarane sine.

Tar høgde for endringar

Yttri seier at tiltaka i Bergen er særskilte for campusen i Bergen og gjeld i ei veke.

Tiltaka i Bergen vil ikkje endra noko kring situasjonen og tiltaka for HVL sine fire andre campusar: Førde – Sogndal – Stord – Haugesund.

- Desse fire campusane vil vera opne. Det vil gå føre seg noko fysisk undervising her i mindre studentgrupper i tråd smittevernstiltaka.

- Men me må ta høgde for at situasjonen òg kan endra seg her. Då vil me informere om det raskt.

Yttri viser her til at Sogndal kommune oppmodar alle som kan - i heile kommunen - om å ha heimekontor, som følgje av eit smitteutbrot i Balestrand.

Reduser mobiliteten din

Rektor peiker på at det er svært viktig å følgje Regjeringa si oppmoding om at me alle reduserer mobiliteten vår.
 
- Regjeringa oppmodar oss alle om å halde oss mest mogeleg heime, ha minst mogeleg kontakt med andre utover det som er nødvendig i jobb og studiesituasjon, og unngå unødvendige reiser.

Yttri takkar alle tilsette og studentar for arbeidet dei legg ned.

- Det gir kraft og motivasjon til å stå på vidare. Eg er glad for at me tek godt vare på kvarandre.

Meir informasjon om koronatiltak ved HVL.