Robotikkgruppa doblar storleiken
Med ferske midlar frå tre ulike pottar, får robotikkmiljøet ved høgskulen no eit digert puff framover.
- Vi doblar nesten storleiken på gruppa med dei nye prosjekta vi har fått støtte til, fortel ein glad prosjektleiar, Martin Fodstad Stølen.
Robotikkgruppa har hovudbase på campus Førde, der dei nettopp opna eit nytt laboratorium. I tillegg er dei også forankra med vitskapleg tilsette på campus Sogndal, og med det nye testanlegget RoboVest på Leikanger. No får dei til saman nærmare 20 millionar kroner til å utvikle ny forsking og nye innovasjonsprosjekt i åra framover.
Framtida for bringebærnæringa
Prosjektet FutureRasp handlar om framtida til bringebærnæringa, ein del av landbruket med store utfordringar. Dyrkarar på Vestlandet slit særleg med å få nok arbeidskraft til å plukke bringebæra. Ny teknologi i form av plukkerobotar finst allereie i form av avanserte prototyper, men så er utfordringa å tilpasse denne teknologien til norske forhold.
Samarbeidsprosjektet er leia av HVL, og involverer også Vestlandsforsking, robotikkfirmaa Nlink og Fieldwork Robotics (som Stølen sjølv har vore leiar for) og dyrkarane sjølve – Sognabær, Sogn Frukt og Grønt, og Njøs frukt- og bærsenter. Gjennom dei neste tre og eit halvt åra, skal dei forske på to spørsmål:
- Korleis kan dei optimalisere plukkeroboten til å fungere under lokale forhold?
- Korleis dyrke bringebær på best mogleg vis i Noreg?
Mellom anna vil dei utvide sesongen for bærdyrking, som her til lands er temmeleg kort – berre 1-2 månader. I tillegg vil dei utvikle roboten til å kunne gjere andre jobbar når det ikkje er plukking. Mellom anna er planen at den skal kunne brukast til presisjonssprøyting mot sjukdom og insekt.
- Ved hjelp av robotar kan dette skje på meir forsvarlege måtar – om natta, då det ikkje er menneske til stades som kan bli utsette for sprøytemidlane. Og med større presisjon, slik at det er mogleg å bruke mindre av det, seier Stølen.
Ein meir avansert robotgrasklippar
Til FutureRasp har dei fått ni millionar kroner frå Forskingsrådet. Det gjer at Stølen no kan tilsette to nye doktorgradsstipendiatar og ein postdoc.
Ideane blømer også blant stipendiatane som alt er i robotikkgruppa. Daniel Schäle, stipendiat i Førde, har hjulpe til med å utvikla ideen til ein ny type grasklipparrobot. Også denne er tenkt som hjelpar til frukt- og bærdyrkarane. Ei anna stor utfordring for dei, er nemleg å halde graset nede mellom buskar og tre. Graset stel mykje næring frå bærbuskar og frukttre, og gjer det dessutan meir komplisert å ferdast imellom dei.
Til denne oppgåva hjelper det ikkje med ordinære robotklipparar til hagebruk – dei taklar det ikkje.
- Då er det gjerne snakk om ulendt terreng, komplekse løyper inn og ut mellom frukttrær, steinar gøymde i graset, stolpar og meir til. Vi må utvikle ein robot med sensorer som kan jobbe i meir komplekst terreng, seier Stølen.
Gruppa har søkt pengar frå Program for ideutvikling, eit nytt innovasjonsprogram ved HVL, og fått ein halv million til dette.
Les meir om det nye innovasjonsprogrammet her
Datatenester for frukt- og bærdyrkarar
Det tredje og siste prosjektet dei har fått midlar til i denne runda, dreier seg om innsamling av data til dyrkarar som driv med frukt og bær. I moderne landbruk vil dette blir meir og meir avgjerande for å lukkast. Bringebæra du et i framtida, vil truleg ha vore fotografert gjennom heile oppveksten frå mange ulike vinklar. Dronar vil ha flydd over dei.
- Vi skal undersøke korleis vi kan få nye typar data frå robotar. Desse datatenestene skal hjelpe dyrkarar til å føreseie avlingar, kjenne att sjukdommar og følgje med på mogninga – mellom anna, fortel Stølen.
Innovasjonsprosjektet ledes av Agdir, ein leverandør av digitale verktøy for landbruket, og skjer i samarbeid med dronefirmaet Aersea, SINTEF DIGITAL, og Fieldwork Robotics. Prosjektet har no fått ti millionar i støtte frå Forskingsrådet.
- Vi tenkjer at datatenestene vi utviklar gjennom dette, vil vere mogleg å tilby om eit par år, seier Stølen.