Sluttrapport frå prosjekt Digitalisering

Digitaliseringsprosjektet la i desember fram sin sluttrapport til leiinga ved høgskulen. Rapporten skal vere eit verktøy for fagleg og administrativ vidareutvikling.

Strategisk leiargruppe fekk denne veka ei kort gjennomgang av sluttrapporten, ved leiar for digitaliseringsprosjektet, Sigurd Loven Kirkebø.

– Trass i utfordringar undervegs har HVL fått eit dokument med godt grunngjevne tilrådingar om korleis HVL bør drive digitaliseringsarbeidet med omsyn til leiing, prioritering og organisering, seier leiar for OU-programmet, Wiggo Hustad.

Sluttrapporten summerer opp arbeidet som er gjort i prosjektet, skisserer status for høgskulen innan feltet, og peiker på 7 tilrådingar for vidare arbeid.

– Rapporten peiker også på nokre konkrete område som er klåre kandidatar å starte med. Eg meiner vi her har grunnlag til å be leiinga om å prioritere etablering av ei ikkje-stadbunden eining for utvikling av undervisning og læring alt tidleg i 2018, seier Hustad.

Programleiaren vil også framheve at ein har lukkast med sjå koplingar til arbeidet som blei gjort i delprosjekt «Felles praksis», kor ein teikna ut administrative prosessar.

–  Ulike former for digitalisering av eigna prosessar kan danne grunnlag for effektive, like og tilgjengelege tenester på tvers av studiestader, seier Hustad.

Leiargruppa vil få ein breiare gjennomgang av rapporten på nyåret, og vil kunne sjå tilrådingane i samanheng med arbeidet for å få ein administrativ organisasjonsstruktur.

Her kan du lese heile sluttrapporten frå prosjekt Digitalisering.