Studentar bekrefta smitta
Fleire HVL-studentar i Bergen er bekrefta smitta av koronaviruset. HVL har hatt møte med Bergen kommune i dag for å få betre oversikt på situasjonen.
Oppdatering: Fredag 26. mars er det bekrefta 15 smitta studentar i HVL.
– Vi fekk bekrefta nokre smitta studentar tysdag denne veka. I dag har vi fått bekrefta at det er fleire nye personar som er smitta, og av desse er det fleire studentar ved fysioterapiutdanninga.
– Vi har god dialog med smittevernkontoret i Bergen kommune og har jamlege møter. Det er dei som held i arbeidet med smittesporing og det er dei som kartlegg og har oversikt på omfanget. Det eksakte talet av smitta HVL-studentar i Bergen er ikkje klart no, men det har i følgje kommunen eit omfang på minst 9 personar, seier rektor Gunnar Yttri ved HVL.
– Vi tar høgde for at vi vil få ein del nye bekrefta smittetilfelle blant studentane våre framover. Vi er tett på situasjonen og følgjer opp studentane.
Han fortel at studentane som er bekrefta smitta er pålagt isolasjon av smittevernkontoret. Dei personane som smittevernkontoret har definert som nærkontaktar er pålagt karantene.
Yttri seier at HVL frå i dag av har sett i verk dei nye nasjonale tiltaka som Regjeringa innfører for å få ned smittetrykket i samfunnet.
– På HVL vil undervisinga vere digital no inn mot påske og inntil vidare. Campus i Bergen er framleis open for studentar. Bibliotek og leseareal er tilgjengeleg for studentane våre.
HVL-rektoren seier det er trygt å opphalde seg på campus.
– Ja, og det forutsett at vi alle følgjer dei nye innskjerpa smittvernreglane. Det er spesielt viktig å hugse på at avstandskravet no er auka frå 1 til 2 meter.
Yttri minner og om at styresmaktene oppmodar alle om å ha særs lav terskel for å teste seg.
Aktuelle saker om pandemien ved HVL
- Vidarefører avstandskrav i undervising i Bergen, 9.9.21
- Innfører avstandskrav i undervisinga i Bergen, 30.8.21
- HVL forsterkar smittevernet, 12.8.21
- Koronasituasjonen og studiestart, 5.8.21
- Gjer klart for god studiestart, 2.7.21
- Koronasituasjonen og HVL, 28.5.21
- HVL bur seg på meir opning, 21.5.21
- Studentar ved campus Bergen bekrefta smitta, 6.5.21
- Koronasituasjonen og HVL, 14.4.21
- Digital undervising heile komande veke, 9.4.21
- Studentar bekrefta smitta, 25.3.21
- Innfører nye koronatiltak, 24.3.21
- Campus i Haugesund stenger, 16.3.21
- Koronasituasjonen ved campus Stord, 16.3.21
- Koronasituasjonen i Haugesund, 10.3.21
- Campus Bergen opnar igjen, 19.2.21
- Opnar opp igjen for studentpraksis i Bergen, 12.2.21
- Jobbar med løysing for praksis ved campus Bergen, 11.2.21
- Koronasituasjonen i Bergen: Praksis i utdanningene, 8.2.21
- Informasjon om koronasituasjonen ved HVL campus Bergen, 7.2.2021
- Status koronasituasjonen HVL Førde, 27.1.21
- Studentar bekrefta smitta med covid-19 i Førde, 26.1.21
- Koronasituasjonen og HVL, 19.1.21
- Vidarefører covid-19-tiltak, 14.1.21
- Koronasituasjonen ved HVL, 6.1.21
- Inga fysisk undervisning på campus for studentar før 19. januar, 3.1.21
- Oppdatering på koronasituasjonen, 24.11.20
- Nye koronatiltak ved HVL, 6.11.20
- – Nå er situasjonen alvorlig, 5.11.20
- Trygg eksamensavvikling ved HVL, 30.10.20
- Koronasituasjonen og HVL, 28.10.20
- Tilbake til fysisk og digital undervisning ved campus Bergen, 29.9.20
- Viderefører Covid19-tiltak ved campus Bergen, 22.9.20
- Covid 19-situasjonen: Forlenger tiltak ved campus Bergen, 16.9.20
- Avlyser fysisk undervisning ved campus Bergen, 8.9.20
- Bergen kommune oppfordrer til selvpålagt karantene, 31.8.20
- Studenter bekreftet smittet med covid-19, 21.8.20