Toppmøte om høgare utdanning og forsking i Bergen

– Vi gler oss til å vera vertskap og stilla vår fine campus i Bergen til disposisjon, seier rektor Gunnar Yttri i HVL. Torsdag og fredag denne veka samlar Universitets- og høgskulerådet (UHR) over 80 deltakarar til det årlege representantskapsmøtet.

Det årlege representantskapsmøtet går over to dagar. Første dag har form som eit ope seminar. Årets tema er «Forskning og utdanning i hele landet: Hvorfor er det viktig? Hvordan sikrer vi god desentralisert kunnskapsproduksjon?»

- Temaet har særleg høg relevans for HVL. Vår fleircampus-høgskule og komande universitet med si gode plassering på Vestlandet har særlege føresetnader for å lukkast. Men det fordrar målretta arbeid og vilje og evne til å læra av andre, seier Yttri.

Rektor skal sjølv delta i panelsamtalen «Eksempler til etterfølgelse - hvordan samarbeider vi for å møte kompetansebehovet?» torsdag ettermiddag.

Generalsekretær Nina Sandberg i UHR seier det skal bli godt å samle sektoren fysisk igjen.

Ho fortel at dei to siste åra har UHR måtte gjennomføre representantskapsmøta digitalt.
 
- Det siste fysiske møtet var på Høgskolen i Østfold sin campus i Fredrikstad i mai 2019.

- No gler vi oss til å komme til HVL sin campus i Bergen og få vera i lag fysisk. Vi plar å legge representantskapsmøta til ein medlemsinstitusjon. Det er ein veldig fin måte å bli betre kjent med institusjonane på og bli godt kjend med heile landskapet.

- Det å koma til Bergen og HVL i mai blir difor veldig fint.

Representantskapet er UHRs øvste styrande organ, der UHR sine medlemsinstitusjonar er representert med øvste dagleg leiing, som oftast rektor og direktør.

- I tillegg til møtet med faste saker, har vi eit seminar kor vi tar opp tema som er aktuelle. I så måte meiner vi at årets tema er veldig relevant.

Sandberg seier at ein før 2018 hadde to representantskapsmøte i året.

- Frå og med 2018 gjorde vi haustmøtet om til den årlege UHR-konferansen. Den vert arrangert i Oslo og i år er konferansen 4. oktober. Tema er «UH-sektorens bidrag til arbeids- og samfunnsliv». Dette er eit viktig tema som tar seminaret vårt her på HVL vidare.

Sandberg fortel at UHR i dag har 32 medlemsinstitusjonar, i tillegg til Norsk studentorganisasjon (NSO).

- Av 32 medlemsinstitusjonar vil 30 delta på årets seminar ved HVL. NSO er med begge dagar. Det er vi glade for.

- I tillegg har vi med 25 gjester frå Kunnskapsdepartementet, direktorata i sektoren og øvrige innleiarar.

- Såleis er årets seminar ein viktig møteplass og arena kor viktige tema blir løfta og diskutert i fellesskap.

Les meir om UHR si rolle

Sjå programmet for representantskapsmøtet