Utdanningskvalitetsprisen gjekk til lærargruppa på campus Førde

Ei lærargruppe i Førde frå ingeniør og sjukepleie har jobba saman på tvers av faga sine i årevis og skapt eit spesielt godt læringsmiljø for studentane sine. Dei får utdanningskvalitetsprisen for 2021.

Prisen blei delt ut under Kvalitetskonferansen ved HVL, der temaet var studentinvolvering, studentdemokrati og kvalitet i utdanninga. Det var ei glad gruppe som tok imot prisen frå Jelle Sebastian Bruin, leiar for Studenttinget på Vestlandet, og Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning.

- Prisen gir oss inspirasjon til å utvikle samarbeidet vidare, sa Lars Kyte på vegner av gruppa.

- Har de gode råd til andre om korleis dei kan legge til rette for god og aktiv læring? spurde Naustdal.

- Ta praten i sofaen med kollegaene dine – og lytt til studentane dine! svarte Kyte.

Ros for aktiv læring og godt samarbeid

Til saman 20 grupper og einskildpersonar blei nominerte til utdanningskvalitetsprisen, og på kortlista hadde juryen fem kandidatar. Med i lærargruppa frå Førde som stakk av med prisen, er Joar Sande, Lars Kyte, Marcin Fojcik, Toril Midtbø, Olav Sande, Bjarte Pollen og Pål A. Hegland. I grunngjevinga heiter det mellom anna:

«Lærergruppa kan vise til gode og konkrete framsteg på utdanningskvalitet over flere år. Juryen merker seg at lærergruppa har utviklet gjennomarbeidede studentaktive læringsformer som de har brukt tverrfaglig. Lærergruppa har fått til prosjektbasert læring, blandet læring og interaktive læringsformer.»

I tillegg til gode læringsmetodar, framheva juryen også godt samarbeid og deling på tvers av fakulteta ved HVL og eksternt med blant anna Peak Sunnfjord og bedrifter knytt til Campus Førde Verftet. Vidare også involvering av studentar i forsking:

«Lærergruppa er særlig opptatt av å inkludere og aktivisere studentene, og har blant annet fått nasjonal og internasjonal oppmerksomhet for bruken av studentene i ulike forskningsprosjekt (...) Det er også en rekke eksempler på internasjonalt samarbeid, med utveksling både på ansatt- og studentsiden.»

Eit grasrotinitiativ

- Kvar av oss har sine gode og svake sider. Når vi deler erfaring og gjer ting i lag, får vi det til mykje betre enn vi ville klart aleine, seier Marcin Fojcik.

Samarbeidet mellom lærarar på Fakultet for ingeniør og naturfag og Fakultet for helse- og sosialvitskap starta alt ved samlokalisering av ingeniør og sjukepleie Førde i 2005. Mykje har utgangspunkt i gode møte kring kaffimaskina:

- Sofaen i lunsjrommet har vore viktig! Der har vi snakka saman og funne fram til våre felles interesser. Så dette er eit initiativ frå grasrota, seier Lars Kyte.

I samarbeid har dei lært seg fleire metodar, mellom anna det å lage undervisningsfilmar. Omvendt undervisning har vore eit viktig grep for dei alle – å late studentane førebu seg på det faglege gjennom å sjå ein film, og sidan jobbe aktivt saman når dei møtest.

- Då er det ikkje vi som står der og foreleser, men studentane som får jobbe med å løyse problem i fellesskap, seier Joar Sande.

Alle studentar er ikkje like

Den grunnleggande ideen er å få studentane til å bløme ved å prøve seg fram sjølve. Då kan ikkje undervisninga vere den same frå år til år, men må tilpassast studentgruppa – dei særeigne interessene og evnene som ligg hos akkurat dei.

- Eit viktig grep for oss har vore innovasjonscampen. Der jobbar sjukepleiarstudentar og ingeniørstudentar i lag for å løyse problem frå helsesektoren, seier Toril Midtbø.

Satsinga på digitalisering og film gjorde at dei var godt rusta då pandemien kom i fjor. Då hadde lærargruppa eit stort repertoar av digitale studentaktive undervisningsmetodar å spele på.

- Læring handlar ikkje om at vi fortel studentane kva dei skal tenkje. Det handlar om å skape gode læringsmiljø – så er læringa noko studentane gjer sjølve, seier Fojcik.

Du kan lese meir om utdanningskvalitetsprisen her