Vidarefører avstandskrav i undervising ved campus Bergen

HVL forlengjer avstandskravet i undervisinga i Bergen fram til og med sundag 19. september.

Do you prefer to read this article in English?

– Vi ser an smittesituasjonen og ventar litt til før vi opnar for meir fysisk undervising på campusen vår i Bergen, seier rektor Gunnar Yttri.

Han ber studentar og tilsette merke seg:

  • Med avstandskrav i undervisinga vil vi ha mindre undervisingsareal på campus. Studentane i Bergen vil ha ein kombinasjon av fysisk og digital undervising framover. Hugs å orientere deg i timeplanen og Canvas.

  • For dei fire andre campusane ved HVL vil det framleis vere høve til å fråvike avstandskravet i undervisningssituasjonar.

  • Mange HVL-studentar er no fullvaksinerte. Er du ikkje fullvaksinert bør du nytte tilbodet om vaksinasjon (drop-in eller timebestilling) i kommunen der du studerer. Du finn god informasjon på kommunen si nettside. Vaksinen beskyttar og gjer at vi kan opne samfunnet meir.

  • Tilbodet om hurtigtest/sjølvtest vil bli utfasa ved alle fem campusar ved HVL i tida framover. Dette var ei ordning som i første rekke var knytt til studiestart og fadderveker.

Yttri fortel at høgskulen i midten av neste veke vil vurdere avstandskravet for undervisinga ved campus Bergen på nytt.

– Vi ønskjer å gi studentar og tilsette god informasjon så tidleg som mogleg. Føreseielegheit er viktig.

– Vi vonar at vi frå måndag 20. september kan fjerne avstandskravet i undervisningssituasjonar også i Bergen. Vi kjem med oppdatert informasjon om dette i neste veke.

– Eg vil òg nemne at vi har jamleg kontakt med smittvernstenesta i kommunen og andre universitet og høgskular for å finne gode tiltak og løysingar i lag.

Her finn du informasjon om koronatiltak ved HVL.