Vidarefører covid-19-tiltak

HVL forlengjer koronatiltaka fram til og med søndag 24. januar. Dette gjeld for deg som er student eller tilsett ved høgskulen.

Do you prefer to read this article in English?

Som kjent har Regjeringa tilrådd at all undervisning ved høgskular og universitet bør vere digital fram til tysdag 19. januar. Dette for å få ned smittetala. Signala frå Regjeringa er at dei nasjonale tiltaka kan bli forlenga.

HVL har valt å forlengje våre gjeldande tiltaka fram til og med søndag 24. januar.

– Me gjer det for å gi studentar og tilsette forutsigbarheit, seier rektor Gunnar Yttri.

Dette gjeld ved alle HVL sine fem campusar til og med søndag 24. januar:

  • Undervisning som kan gå digitalt skal vere digital. Ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar i enkelte fag og utdanningar vil bli gjennomført.
  • Frå og med tysdag 19. januar er det krav om oppmøte for studentar som skal delta i obligatorisk læringsaktivitet som vert gjennomført.
  • All praksis vert gjennomført som planlagt.
  • Campusane er opne. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for dei som har behov for dette.
  • Alle tilsette som kan arbeide heimefrå skal gjere dette.

Studentar og tilsette vil få nærmare informasjon i Canvas og frå leiarane sine om kva for aktivitet som vert gjennomført til og med søndag 24. januar. Sjå óg meir utfyllande informasjon på intranettet og www.hvl.no.

Her er HVL sine retningsliner for smittevern.

Ser fram til at campusane blir fylt med liv og røre igjen

Rektor Yttri seier han er imponert over korleis studentar og tilsette handterar situasjonen.

– Måten dei har møtt koronapandemien på er imponerande. Ting skiftar fort og me snur oss rundt og tilpassar oss. Det er krevjande og me har stått i det ein god stund. Eg vil difor takke både tilsette og studentar for innsatsen så langt.

– Me har óg registrert at ein god del av studentane våre har kome tilbake til dei ulike studiestadene våre dei første vekene no i januar, og dei er i gang med studia sine. Det er fint å sjå.

– Så veit me at mange har måtte studere aleine utan medstudentar det siste året. Eg veit at det har vore svært tøft. Mange tilsette gir óg uttrykk for at det er krevjande med heimekontor over lenger tid. Og ein del har på bakgrunn av pandemien sett viktige oppgåver som til dømes forsking og utviklingsarbeid litt på vent.

– Me saknar alle det fysiske fellesskapet. Eg ser difor fram til at campusane våre blir fylt med liv og røre igjen. Vaksinasjonsprogram og skifte i årstider gir rom for optimisme og lysare utsikter.

– Eg vil óg retta ein takk til våre samarbeidspartnarar i kommunar, fylke og stat langs heile Vestlandet, helseføretak og næringsliv. Takk for samarbeid og dialog i ei krevjande tid.