UKE17 Bibliotekenes bærekraftsuke

Uke17 blir i Danmark og Norge feira med arrangement, markeringar og utstillingar for å markere dei 17 bærekraftsmåla til FN. Bærekraftsmåla kan delast i tre hovudområde: klima/natur, sosial og økonomisk bærekraft.

HVL biblioteket markerer uke17 med utstillingar på alle våre campus, og ønsker særleg å trekke fram frøbiblioteket vårt i Bergen og Finn Bærekraftsforsking som vi er deltakar i.

Bærekraft er viktig for Høgskulen, og for å støtte opp om dette har biblioteket òg fokus på bærekraft i fleire av sine satsingar.

Ombruksstasjon

I Sogndal har biblioteket oppretta ein ombruksstasjon som er å finne på kopirommet til studentane. Her legg vi ting og tang som er attgløymd, men ikkje spurd etter på ei god stund, og bøker eller tidsskrift som biblioteket har sletta frå samlingen. Meininga med dette er at dei som vil kan forsyne seg, så kan tinga få et nytt liv!

Frøbiblioteket

Under Sirkulærdagane 2023 vart Frøbiblioteket lansert i Bergen. Her kunne du ta med deg fleire ulike typar frø heim, og prøve deg på å dyrke gulerøter, sukkererter, blomkarse og andre vekster. Målet er å inspirere fleire til å dyrke eigne, etelege plantar. Har du fått frø av plantene du dyrkar, håpar vi du vil ta dei med tilbake til biblioteket no, slik at dei kan delast ut til nye interessentar.

I vår har biblioteket laga klare nye frø i små posar, og håpar dette vil inspirere fleire til å dyrke sjølve. Det er sjølvsagt òg mogleg å låne med seg bøker om dyrking og hausting av plantar.

Finn bærekraftsforsking

Finn Bærekraftsforsking er ein søkemotor som kan brukast til å søke etter forsking relatert til FN sine bærekraftsmål. Her kan du klikke deg inn på dei aktuelle berekraftsmåla du er interessert i og bla gjennom lister over publikasjonar om temaet. Du kan i tillegg snevre deg inn på delmål i lista om du ønsker ei meir spesifikk treffliste.

Bærekraftsbiblioteket

Forskingsgruppa NaChiLitCul ved HVL har vært med på å utvikle Bærekraftsbiblioteket som er eit opplegg for skuler, bibliotek og andre som ønsker å arrangere lesesirklar for barn og ungdom. Biblioteket består av 17 boklister. Kvar liste er knytta til eit bærekraftsmål. HVL Biblioteka har fleire av bøkene som er på boklistene til Bærekraftsbiblioteket. I biblioteket på campus Bergen finn du hefte som viser kva bøker som tilhøyrer kva liste og kvar i biblioteket du finn boka.