Forskingsdagane i Sogndal

Under Forskingsdagane har vi arrangement både på campus og Studenthuset Meieriet. Arrangementa er gratis og opne for alle interesserte!

Program i Sogndal

21. september presenterer Irina Pavlova ein artikkel om studentar sitt perspektiv på obligatorisk praksis.

Forventningar til framtidige kompetansebehov fører til tettare samarbeid mellom høyere utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet. På bakgrunn av dette har mange utdanningsinstitusjonar innført arbeidspraksis i studier som tidligare ikkje hadde dette.

Artikkelen "Å bli ein som jobbar. Ein tematisk analyse av studentperspektiv på obligatorisk praksis i sosiologi ved HVL" vart nominert til beste artikkel i 2022 av Universitetsforlaget.

Stad: Biblioteket. Tid: 11:45-12:15.

29. september: Christian Frøyd/idrettsfag: "Mental energi: energiomsetning og prestasjon – kva kjem først, høna eller egget?"

Stad: Biblioteket. Tid: 12:00-12:30.