Den skjulte skatten i myra

I det tverrfaglege Repeat-prosjektet kryssar vi stadig faggrenser. Då vår allsidige planforskings-stipendiat Ingrid fekk sjansen til å oppleve naturvitskapleg feltarbeid, kasta ho seg resolutt ut i eventyret. Korleis det gjekk, kan du lese meir om her!

Det var ein gong ein ung skrivebordsforskar som skulle forske på korleis me bruker myr i Noreg. Ho kunne mangt og mykje om planlegging og forvaltning, men ikkje om myr. Difor hadde ho så innmari lyst til å oppleve denne mystiske og fasinerande naturtypen. Ho tok mot til seg og spurde eit knippe erfarne naturforskarar om å følgje med dei på feltarbeid.

Kva  Forskarlauget hadde høyrt rykte om at det skjuler seg ein skatt i dei djupe myrene, ein skatt som kallas karbon. Myrer inneheld store mengder med karbon, eit viktig grunnstoff som har ein nykelrolle i kampen mot klimaendringar.

Aukande utslepp av karbon bidrar til at klimaet i kongeriket endrar seg. Regnet som fell i kongeriket blir meir intenst, tørkeperiodane blir både lengre og varmare. Klimaendringar er difor ei stor landeplage for alle kongerike, og aukande utslepp av karbon skapar bekymringar for både folk og fe. Sidan myr inneheld naturlege lagre av karbon, trenger forskarar kunnskap om kor mykje karbon som faktisk finnas i dei vassjuke myrane. Og for å finne ut kor mykje karbon myra inneheld, må forskarane hente ut prøvar frå myra, såkalla torvprøver.

Jordsmonnet i ei myr består av daude planterestar, som inneheld karbon. Men nøyaktig kor mykje karbon det dreier seg om, er ei gåte for forskarane. Foto: Karl-Kristian Muggerud.

Ein tidleg august morgon i det Herrens år 2022 la eit følgje på tre erfarne naturforskarar og ein grøn skrivebordsforskar ut på ei lang ferd inn i den norske fjellheimen, for å finne svaret på gåta om kor mykje karbon som skjuler seg i myrene på Turufjell ved Flå i Hallingdal. Desse fjella er rike på myrar og skogsterreng. Her har mang ein kakse sett opp hytte, og køen av nye hytteeigarar som vil gjere liknande, er lang.

Utstyrt med kart over myrane labba forskarane seg frem i landskapet. Men nøyaktig kor store myrane i Turufjell faktisk er, det visste ingen! Og utan slik kunnskap, er det umogleg å vite kor stor karbonskatten i myra faktisk er.

Forskarane bruker både supernøyaktig GPS, torvkuttar, torvspyd og russarbor for å utforske myra og hente ut torvprøvar. Foto: Ingrid Knutsdotter Koren.

Den grøne skrivebordsforskaren var ved godt mot, men langt utanfor komfortsona si. Reiskapane ho vanlegvis bruker – PC, bøker og skrivesaker – var no bytta ut med underlege måleinstrument, ein supernøyaktig GPS, eit langt torvspyd, ein sagliknande torvkuttar og noko dei kalla eit russarbor, i tillegg til meir velkjende effektar som plastposar og kjøleboksar. Det trygge skrivebordet var erstatta med vassjuk myr og millionar av  mygg.

I tillegg hadde ho høyrt rykte om at både tussar og troll, og andre mannvonde vesen heldt til i dei mørke, djupe Turufjellsmyrene og jakta på alle som var ute og vandra her. Men i forskarlauget var det korkje tid eller rom for jammer, så skrivebordsforskaren tok seg saman, greip reiskapen sin og subba ut i myra. Sanneleg surkla det godt kring anklane! På stadene forskarane hadde peika ut, henta ho og dei andre forskarane opp bitar av torva, etter strenge reglar. Så blei kvar torvbit kutta opp, lagt i plastikkposar og lagra i kjøleboks.

Dag ut og dag inn vandra forskarane rundt i myrane i Turufjell, og henta ut prøvar av torv. Foto: Ingrid Knutsdotter Koren

Torvkuttaren (høgre) hentar ut prøvar i dei øvste delane av myra, mens russarboret (venstre) trengjer lenger ned og kan hente ut prøvar langt under overflata av myra. Foto: Karl-Kristian Muggerud.

Då dei hadde sanka torvprøvar ei tid, ville forskarane undersøke om karta over Turufjell var så nøyaktige at ein kunne stole på dei, når ein skulle jakte på karbonskatten i myra. Forskingsleiaren hadde på førehand omsorgsfullt plukka ut ein haug tilfeldig utvalde punkt på kartet, i områder der myra møter skog eller anna natur. Dei fire forskarane leitte seg fram til, og tok prøvar i desse punkta. Til si overrasking  oppdaga dei at sjølv om kartet synte myrterreng, så var myra enkelte gongar bygd ut – og all torv borte. Andre gonger viste «myra» på kartet seg å vere dekka av tett skog, og då kunne sjølv ikkje den skarpaste forskar makte å få tak i torvbitane dei var ute etter.

Forskarane møtte på mange utfordringar – for det meste busk og kratt, eller menneskelege inngrep i terrenget – i jakta på undersøkingspunkta forskingsleiaren hadde plukka ut. Foto: Ingrid Knutsdotter Koren

I tre dagar vandra dei fryktlause forskarane rundt i dei endelause myrane på Turufjell, og ferda slutta ikkje før kjøleboksane bogna av torvprøvar. Undersøkinga av kontrollpunkt tydde på at hytteutbygginga i mange tilfelle hadde skjedd i tidlegare myr, slik at karta ikkje lenger fortel heile sanninga om kor mykje myr det finst igjen på Turufjell.

På laboratoriet held jakta på svaret på gåta om karbonlageret i myra fram. Om svaret viser seg at myra i Turufjell inneheld store mengder karbon, blir det å verne myra og hindre vidare utslepp, ein viktig nykel i kampen mot klimaendringar. Dei naturlege karbonlagera i myra er såleis ein uunnverleg skatt som kongeriket må verne med nebb og klør. Og då kan ikkje kvar ein kakse fortsette å bygge hyttar på myrene i kongeriket.

Myrforskarane i sitt rette element – ståande opp til anklane i surklande myrvatn, omgitt av mose og mygg. Foto: Karl-Kristian Muggerud

Og snipp, snapp, snute, så var eventyret ute for den slitne, våte, myrfrelste skrivebordsforskaren, som mange erfaringar og myggstikk rikare kunne vende tilbake til det tørre, trygge skrivebordet sitt. I alle fall for denne gongen!