Faglunsj med Karin Murris: The Posthuman Child

Stord, biblioteket
Time icon
Når:15. mai   11:30
Varer til: 12:15
Legg til i min kalender

I denne forskningslunsjen møter vi professor Karin Murris, som mellom anna har skrive boka The Posthuman Child (2016). Murris jobbar som professor i Early Childhood Education på Universitetet i Oulu, Finland, og er emerita professor i pedagogikk og filosofi ved Universitetet i Cape Town, Sør-Afrika. I samtale med doktorgradskandidat Synnøve Kvile vil dei utforske tema som korleis barn blir barnleg-gjort, kva filosofi har med dette å gjere, og kva posthumanismen kan ha å seie for barn- og barndomsforsking. Samtala vil gå føre seg på engelsk.