Publiser forskinga di i HVL sitt opne vitenarkiv
HVL Open er høgskulen sitt institusjonelle arkiv, og omfattar publikasjonar skrivne av studentar og tilsette. Målet er å gjere forskinga ved høgskulen meir synleg og tilgjengeleg for alle.
For tilsette
Tilsette arkiverer sjølve publikasjonane sine etter å ha registrert dei i Cristin. Når ein publikasjon er ferdig registrert, klikkar du på "Lever fulltekstdokument", og følgjer instruksjonene på sida vidare. Reine Open Access-publikasjonar kan lastast opp i den versjonen forlaget har produsert, mens artiklar i abonnementstidsskrift som regel må lastast opp som manusversjonar. Biblioteket sjekkar kva forlaget tillèt før publisering. Les meir om slik eigenarkivering på Open Access-sida vår ("Hvordan Open Access").
Instruksjonar for korleis du lastar opp publikasjonen din.
Publiserer du i skriftserien til HVL, blir rapporten eller notatet arkivert i HVL Open.
Publisering av doktoravhandlingar
Ph.d.-avhandlingar levert ved HVL skal arkiverast i HVL Open. Dette gjeld alle artikkel-baserte avhandlingar, og monografiar når det er mogleg. I HVL Open blir avhandlinga søkbar gjennom tenester som Oria, og opent tilgjengeleg for forskarar, studentar og andre interesserte.
Slik eigenarkiverer du avhandlinga:
- Logg inn i Cristin og søk opp eller registrer avhandlinga di.
- Under «Institusjonsarkiv» klikkar du på lenka Lever fulltekstdokument.
- Kryss av for at du har medforfattarars samtykke, vel dokumenttype «Forlagets publiserte versjon», finn fila og last opp – helst i PDF-format.
- Avhandlinga blir no sendt til HVL Open, der biblioteket klarerer den for arkivering. Artiklar som ikkje er publisert open access vil i einskilde tilfelle ikkje kunne publiserast som del av avhandlinga, men dei fleste forlag aksepterer arkivering av akseptert manusversjon. Biblioteket sørgjer i så fall for at moglege sperrefristar blir overhaldne.
Om forlaget sin publiserte versjon eller manus kan arkiverast som del av avhandlinga, vil som regel stå i publiseringsavtalen og på nettsida til forlaget. Mange forlag gir også moglegheit for klarering til gjenbruk gjennom copyright.com i tilfelle det ikkje er avtalt på førehand – sjå i så fall etter ei lenke kalla «Reprints and permissions» eller liknande på nettsida for artikkelen.
Monografiar kan som regel arkiverast som heile, men dersom du planlegg å publisere den som bok, på eit forlag, bør du sjekke om dei aksepterer open arkivering av den opphavelege, innleverte avhandlinga, og om dei i så fall ønskjer sperrefrist til ei tid etter publisering.
For studentar
Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre?
Publiser studentoppgåva di i HVL Open.